nyhende

Utvida vernesone for ILA-smitte. Kart: Mattilsynet
Utvida vernesone for ILA-smitte. Kart: Mattilsynet

Mattilsynet har utvida restriksjonssone for ILA i Sveio, Bømlo og Stord

Nytt funn av Infeksiøs lakseanemi (ILA) fører til utvida vernesone og overvakingssone.

Publisert Sist oppdatert

Kva er ILA?

  • Infeksiøs lakseanemi (ILA) er ein alvorleg og smittsam virussjukdom på fisk. ILA-viruset er i slekt  med influensavirus, men det gir ikkje sjukdom hos varmblodige dyr og menneske.
  • Viruset skadar blodceller og blodkarsvev og kan gi alvorleg blodmangel. Sjukdomen kan gi opptil 90 prosent dødelegheit, og var sjukdomen som nesten tok knekken på fiskeoppdrett i Chile.
  • Dei siste åra har det vore ca. 10 utbrot i året i Noreg, men i 2015 gjekk det opp til 15.
  • Ved påvising av ILA må all fisk i oppdrettsanlegget slaktas ut. Utstyret må reingjerast og anlegget brakkleggast i tre månadar før oppdrettaren kan setta ut fisk igjen.
  • I tillegg blir det som hovudregel oppretta ei sone for å motverka sjukdom og observera rundt anlegget. Restriksjonssona avgrensar transport, pålegg sjukdomsovervaking og prøvetaking.

Kjelde: BarentsWatch

Første påviste smitte var ved Sjøtroll Havbruk AS sitt sitt oppdrettsanlegg ved Grimsholmen i Sveio. 23. mai vart det iverksett restriksjonssone for å kjempa mot ILA-utbrotet på lokaliteten.

Ny smitte stadfesta

18. juni blei Mattilsynet varsla om at eit av anlegga i overvakingssona, 11513 Andal, hadde gjort funn som som samsvara med ILA. Andal ligg på Bømlo om lag ni kilometer vest for Grimsholmen.

28. juni blei smitten stadfesta, og 5. juli blei restriksjonssona utvida. Ei restriksjonssone består av ei vernesone (raud på kartet) og ei overvakingssone (gul).

Infeksiøs lakseanemi (ILA) er ein alvorleg og smittsam virusjukkdom hos laks. Sjukdommen er ikkje farleg for menneske.

Hovudinnhaldet i den nye forskrifta:

Formålet med forskrifta er å førebyggja, avgrense og bekjempa infeksiøs lakseanemi (ILA) hos akvakultudyr innanfor forskrifta sitt virkeområde.

Som følge av ILA-påvisninga på lokalitet Andal tas følgjande lokalitetar inn i vernesona: 11513 Andal, 11511 Hattasteinen og 16497 Langevågen Slaktemerd

Ny vernesone omfattar lokalitetene 11513 Andal, 11511 Hattasteinen, 16497 Langevågen Slaktemerd, 11559 Grimsholmen, 10300 Hillersvik og 11574 Breivik S.

Overvakingssona som omsluttar vernesona, omfattar 4 lokalitetar og avgrensar restriksjonsområdet sine ytre grenser. (Sjå kartet).

Ei restriksjonssoneforskrift får betydning for aktørar som driv med fiskeoppdrett innanfor eit nærare angitt sjøområde, og andre som utøver aktivitetar som kan medføra smittespreiing.

Forskrifta legger restriksjonar på aktivitet i sonene for å hindra smittespreiing.

Her kan du lesa Mattilsynet sitt vedtak og forskrifta som er sett i verk

Powered by Labrador CMS