nyhende

Katter kan vere smitta av salmonella, men utan at dei viser symptom på sjukdom. Foto: Kent Skibstad / NTB / NPK
Katter kan vere smitta av salmonella, men utan at dei viser symptom på sjukdom.

Mattilsynet åtvarar: Salmonella påvist i 33 dyrehald med kattar

Det er oppdaga mykje salmonella hos kattar den siste tida. Mattilsynet ber bønder passe på at kattar, ville fuglar og hundar ikkje kjem til fjøs og fôrlager.

Publisert Sist oppdatert

– Så langt i 2025 har vi fått meldingar om at det er påvist salmonella i 33 dyrehald med kattar. Det er påvist smitte hos kattar i Trøndelag, Østfold, Vestfold, Oslo, Akershus og Agder, men vi reknar med at det er smitte fleire stader i Noreg, seier Julie Enebo Grimstad, seniorrådgivar og fungerande seksjonssjef for seksjon dyrehelse i Mattilsynet, til NTB.

Ho seier det truleg er ein del mørketal fordi kattar kan vere smitta av salmonella utan at dei viser symptom på sjukdom.

Typiske symptom på salmonellainfeksjon er diaré, nedsett matlyst og redusert allmenntilstand. Sidan mange kattar er utekattar, vil ikkje nødvendigvis eigaren oppdage at katten deira har diaré og ta han med til veterinær.

Kan smitte vidare

Det er Salmonella Typhimurium som er påvist no, og smitten kjem truleg frå ville fuglar. Det er ganske vanleg at det er salmonella hos ville fuglar, som kattar yndar å jakte på, og det er ofte ein smittetopp for salmonella frå februar og ut april.

– Tilsvarande får vi også ein smittetopp hos kattar. Påvisingane av salmonella hos kattar fleire stader i Noreg på denne tida av året er derfor ikkje uventa, seier Enebo Grimstad.

Salmonellabakteriar kan føre til tarminfeksjon også hos menneske. Smitten kan gå frå menneske til dyr og omvend.

Enebo Grimstad seier til NTB at dei ikkje har fått meldingar om smitte eller mistenkte smittetilfelle hos menneske per no, noko Folkehelseinstituttet (FHI) stadfestar.

Folkehelseinstituttet anbefaler å vaske hendene etter direkte kontakt med småfugl eller avføringa deira, og etter handtering eller reingjering av fôringsplassar som fuglehus eller fuglebrett. Det kan førebyggje smitte frå småfugl til menneske.

Ikkje bli sleikt i ansiktet

Mattilsynet oppmodar katte- og hundeeigarar til å ha god hygiene. Vask av mat- og vasskåler må gjerast skilt frå vask av kjøkkenutstyr til menneske.

– Unngå at kjæledyret sleikjer deg i ansiktet. Barn, eldre og menneske med svekt immunforsvar bør unngå nærkontakt med sjuke dyr, seier Grimstad.

Mattilsynet oppmodar særleg bønder til å ta ekstra forholdsreglar:

– Gardskatten og hunden kan vere smitteberarar, og det er derfor viktig å sikre at desse ikkje får ha direkte og indirekte kontakt med matproduserande dyr på garden. Det same gjeld småfuglane, seier Enebo Grimstad.

Pass på fuglesmitte òg

Fungerande seksjonsleiar for Epidemietterretning Umaer Naseer hos FHI påpeikar at vi må passe oss for smitte frå fuglane òg.

– I Noreg er småfuglar som samlast på fuglebretta vinterstid, ei kjelde til salmonellainfeksjon hos menneske, seier Naseer i ein e-post til NTB.

Infeksjon med slike småfuglvariantar av salmonella blir særleg oppdaga hos barn og gjerne på seinvinter/vår. FHI har eigne råd for dette:

  • Vask hendene etter direkte kontakt med småfugl eller avføringa deira, og etter handtering eller reingjering av fôringsplassar for småfugl (til dømes fuglehus eller fuglebrett).
  • Vask hendene til barn etter at dei har vore ute og leika, spesielt dersom dei har leika ved fuglebrett eller på stader der kattar kan ha gjort frå seg, som til dømes i sandkasser.
Powered by Labrador CMS