Klokka 20.05 onsdag kveld fekk politiet melding om brann i et køyretøy på ein adresse i Tjernagelvegen.
Mannskap frå Sveio brannstasjon rykte ut, og etter kvart kom også politi og ambulanse til staden.
Bilen sto nær ein låve.
— Brannvesenet har nå kontroll og det er ikkje fare for spreiing, melde Sør-Vest politidistrikt på Twitter klokka 20.35.
Annonse
Dyr frå den aktuelle låven vart evakuert grunna mykje røyk, og bilførar vart sjekka av helsepersonell etter hendinga.