nyhende
Matmarknad i sentrum på laurdag
Laurdag blir det haustmarknad i Sveio sentrum. Det vil bli salsboder med mat og snadder ein kan nyta der og då – men ein kan også handla gode, lokale råvarer til å ta med heim.
Tre matvogner stiller, mellom anna The Strand frå Valestrand og kaffibaren hos Carlos.
Det vil bli sal av hamburgarar, kaffi, søtbakst, brød, leverpostei, kjøttprodukt, grønsakar, egg og honning – for å nemna noko.
Det er Sveio sentrumsforeining som står bak marknaden der mange lokale aktørar er invitert. Mange har respondert, over 14 har sagt at dei stiller – her kjem tilbydarar både frå Sveio, Haugesund, Bømlo og Fitjar.
Kjekt for ungane
– Nokre har me ikkje fått svar frå enda, og er det nokon me ikkje har fått spurt, er alle hjarteleg velkomne. Dei kan ta kontakt med meg, smiler Line Remøy Bertelsen, som er kasserar i sentrumsforeininga.
Det vil også bli kjekke aktivitetar for ungane. Mellom anna skal William Lønning ta med dyr frå Ekrene til sentrum som ungane kan få sjå på, medan Lid 4H også skal ha eit opplegg for ungane.
– Me jobbar for at ting skal skje i Sveio. Her er det mange kjekke butikkar som me må støtta. På laurdag kan folk dessutan få kjøpt mykje lokal mat, seier Bertelsen, som til dagleg er å finna i lokalavdelinga til Haugesund Sparebank.
På begge sider
Temaet for marknaden blir altså mat, med opning for at dei som har salsboder også kan formidla varer som ikkje kan etast. Tanken bak ein matmarknad var rett og slett for gjera det enkelt.
Vogner og boder vil ein finna på begge sider av Sveiogata. På denne måten får ein spreidd både aktivitet og handel – og ikkje minst er det ein fordel med tanke på pandemien som me no lever med.
Av praktisk informasjon må det nemnast at parkeringa ved Soknehuset står til disposisjon.