nyhende

Altfor få unge vel utdanning innan produksjon av mat og drikke til å fylle tomrommet etter alle dei som er på veg ut i pensjonisttilværet. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Altfor få unge vel utdanning innan produksjon av mat og drikke til å fylle tomrommet etter alle dei som er på veg ut i pensjonisttilværet.

– Matberedskapen trua av generasjonsskifte

Bondelaget, NHO og fagforeininga NNN ropar varsku om den svake rekrutteringa til norsk matbransje. Den norske matproduksjonen er trua, åtvarar dei. Samstundes er det ein viss optimisme i landbruksnæringa.

Publisert Sist oppdatert

Realiteten er klar. Altfor få unge vel utdanning innan produksjon av mat og drikke til å fylle tomrommet etter alle dei som er på veg ut i pensjonisttilværet. Statistisk sentralbyrå viser at talet på norske gardsbruk er halvert sidan midten av 1990-talet, samstundes som søkjartala til restaurant- og matfag har stupt med over 60 prosent.

Færre utdannar seg innan matfag og matproduksjon.

Sjølv om mange gardsbruk er lagde ned dei siste 30 åra, er ikkje situasjonen verst hos bøndene. Det viser seg nemleg at talet på bønder under 40 år har stige frå 17 prosent til 22 prosent i perioden 2020–2024. Det betyr at det er 7658 relativt unge bønder her i landet.

Samstundes med at det er positive signal i landbruket, skrik matindustrien etter unge med matfagutdanning.

– Vilje til å investere

– Dei siste åra har vi sett ei positiv utvikling i landbruksnæringa. Vi ser at det er vilje til å investere, og snittalderen på ein norsk bonde er no ein stad i 50-åra, og det er lågare enn i mange andre land, seier leiar i Norges Bygdeungdomslag Sigrid Heringstad til Nynorsk pressekontor.

Sigrid Heringstad er leiar i Norsk bygdeungdomslag. Ho ser ei positiv utvikling i rekrutteringa til landbruket.

Bygdeungdomslaget er ein sjølvstendig organisasjon, men med tette band til Norges Bondelag. Til dømes sit leiaren i styret til Bondelaget.

Sjølv om rekrutteringa til sjølve bondeyrket viser ei positiv utvikling, er det framleis nok av utfordringar i næringa. Mangel på avløysarar er ei av dei.

– For å kunne ha eit liv utanfor garden, og for å gjennomføre til dømes fødselspermisjon, er vi avhengige av gode avløysarar. Det er vanskeleg mange stader. Stadig meir teknologi i landbruket gjer at det også er behov for folk som har den kompetansen. Og det kan vere eit problem, seier NBU-leiaren.

Heringstad har inntrykk av at når unge menneske satsar på å ta over garden, så smittar det over på andre i same situasjon. Det kan føre til kjappare generasjonsskifte, og det gjer at talet på unge bønder aukar.

Rammevilkåra for norsk matproduksjon må bli betre meiner Bondelaget, NHO Mat og Drikke og fagforeininga Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN).

Mangel på fagfolk

Samstundes med at det er positive signal i landbruket, skrik matindustrien etter unge med matfagutdanning. Petter Haas Brubakk, administrerande direktør i NHO Mat og Drikke, er klar på at dette er nedslåande nytt. Ikkje minst fordi mange arbeidstakarar i næringa snart skal bli pensjonistar, og at altfor få nye er på veg inn.

Frå venstre bondelagsleiar Bjørn Gimming, leiar i NHO Mat og Drikke Petter Haas Brubakk og NNN-leiar Anne Berit Aker Hansen.

– Den viktigaste matberedskapen er sterke bedrifter som sysselset medarbeidarar med høg kompetanse. Då er det ein føresetnad at Noreg har ein høg produksjon av mat- og drikkevarer i normale tider, seier Brubakk.

NHO, Bondelaget og fagforeininga Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) står saman om eit forslag til korleis regjeringa, kven det no blir etter valet, kan betre rammevilkåra for norsk matproduksjon.

– Nesten alle næringane manglar arbeidskraft og særleg fagarbeidarar. Nye produksjonsmetodar, og stadig fleire automatiserte prosessar, stiller også nye krav til kompetanse hos dei tilsette. Matfaga må vidareutviklast og vidareutdanningstilbodet må byggjast ut for å møte dette behovet, seier Anne Berit Aker Hansen, forbundsleiar I NNN.

Samstundes som færre utdannar seg innan matfag og matproduksjon, har det nasjonale fokuset på norsk matberedskap auka. Noreg har sett seg som mål å etablere beredskapslager med matkveite som skal halde i tre månader innan 2029. Styresmaktene oppmodar også folk om å ha mat, drikke og andre naudsynte forsyningar heime til å klare seg i ei veke ved ein krisesituasjon.

Dette må gjerast

Dei tre interesseorganisasjonane har blitt samde om seks punkt om korleis dei meiner regjeringa kan gjere det best mogleg å drive matproduksjon og slik sikre den norske matberedskapen i framtida:

  • Gi stabile og føreseielege rammevilkår.
  • Understreke at bransjen har ein samfunnskritisk funksjon når det gjeld beredskap og forsyningstryggleik.
  • Balansert maktforhold og verksam konkurranse i verdikjeda for mat og drikke.
  • Rekruttering og kompetanse.
  • Redusere grensehandelen.
  • Klimavennleg mat- og drikkeproduksjon.

– Norsk matberedskap er avhengig av ei sterk, komplett verdikjede frå bonden til det ferdige produktet. Landbruket og matindustrien gir arbeidsplassar og verdiskaping i heile landet, og vi har både kompetansen og viljen til å levere trygg og berekraftig mat, også i kriser, seier leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming.

For å få til dette meiner han det er grunnleggjande viktig at dei har stabile rammevilkår, balanserte maktforhold i marknaden og auka rekruttering av nye fagfolk.

Powered by Labrador CMS