nyhende
Mat i magen og vind i håret
Omsorgssenteret sin transportsykkel fekk køyrd seg under aktivitetsdagen torsdag. Etter potetkake og pylser fekk mange brukarar kvar sin sykkeltur. – Eg har sykla masse i Førde, og likar å vera utandørs, sa Arnhild Førde.
Om lag 40 personar var samla på Sveio omsorgssenter under aktivitetsdagen i regi av Einstadbøvoll Helselag. Tilsette, brukarar, frivillige og ikkje minst ordførar André Mundal Haukås (H) fekk alle noko godt å eta. Ved eit av borda sat Solveig Hinderlid og Endre Haugsgjerd.
– Eg har teke ein dobbel ein slik far min bruka å gjera, sa Hinderlid
– Kor mange har de ete?
– To, svara Haugsgjerd.
– Tre, sa Hinderlid.
Maten vart laga av Einstadbøvoll Helselag og Aktivitetsvennene.
Glad i rebus og god i quiz
Dei var nøgd med arrangementet, og var ikkje åleine om den kjensla.
– Eg fekk kurs i korleis laga og steika potetkake, sa ordførar Haukås.
– Har du steiketakke sjølv?
– Ja, heime har eg den eg fekk frå bestemor mi, svara han.
Haukås vart invitert av to tilsette til å spela improvisert «luft-hockey» på eit tomt bord. Stina-Marie Strømsvold kjempa hardt, men måtte til slutt gje tapt for Haukås. Strømsvold og kollega Mirjam Simonsen jobbar som helsefagarbeidarar i såkalla aktivitørstillingar.
– Me arrangerer aktivitetar for brukarane, enten det er spel, rebus, quiz eller noko anna moro me kan gjera saman, sa Strømsvold.
– Dei er gode i quiz og glade i rebus, sa Simonsen.
Fekk køyra sykkel og møta ordføraren
I nærleiken stod to mannlege kollegaer, Sindre Thuestad og Sebastian Rossehaug. Dei var dagens «sykkelpilotar» og skulle køyra mange turar. Først ut var Klara Johanne Jacobsen, og hennar medpassasjer var ein smilande mann ho ikkje har helst på før.
– Kven er du? Spurde Jacobsen
– Eg heiter André, eg er ordførar i Sveio, svara ein blid Haukås
– Åh, så hyggeleg, sa Jacobsen.
Etter ein kort sykkeltur var dei tilbake.
– Dette var ein flott måte å koma seg rundt på, sa ordføraren.
– Takk for turen, sa Jacobsen til sjåføren hennar.
– Sto og samla støv
Vestavind fekk så eit par ord med sjåfør Sindre Thuestad.
– Eg har jobba her i tre månadar no, og har ein del tidlegare erfaring frå Austlandet. Då jobba eg i heimetenesta, sa Thuestad.
Der fekk han sjå fleire eldre som budde langt unna det meste, og difor vart sitjande stille og einsam over lenger tid.
– Då såg eg kor viktig det er med sosiale samlingar, og å få koma seg ut som me gjer no, forklara han.
Styremedlem i Einstadbøvoll Helselag, Torun Valen, var samd med Thuestad.
– Opphavet til denne aktivitetsdagen kjem frå at eg har sett transportsykkelen ståande og samla støv i lang tid. Difor ville me organisera noko kor brukarane får seg ein tur ut på den, forklara Valen.
Ynskjer fleire sykkelpilotar
Ho gav særleg ros til Thuestad for å vera så positiv til å bli sykkelpilot. Valen håpa fleire tilsette, pårørande og frivillige vil melda seg som sykkelpilot.
– Me treng fleire, sa ho.
– Kven kan verta pilot? Kva krav er det?
– Du må berre vera frivillig. Opplæringa tek kort tid og ein treng korkje kurs eller bevis. Du må verta kjend med den. Det er ein god mogelegheit for litt trim kor ein også kan gjera noko fint for andre, svara Valen.
– Er det gøy å vera sykkelpilot?
– Om det er gøy? Det er fantastisk, svara Thuestad.
– Dette skal gå fort
Neste par ut var Jørgen Eikeland og Astrid Haugsgjerd. Sykkelpiloten deira var Sebastian Rossehaug (18) som er lærling på første året sitt på omsorgssenteret.
– Dette skal gå fort ser eg, sidan me tek på oss hjelm, spøka Eikeland.
På tilbakevegen var det vinking og meir smil. Rossehaug understreka kor synleg den positive verknaden av slike tiltak er.
– Dei fortener, og har godt av å få vera utandørs med vind i håret dei og, sa han.
Sykla mykje i Førde
Rossehaug hadde opphaveleg heilt andre planar enn helsefag, men seier han er veldig glad han landa her.
– Eg likar menneske og omsorg, og etter eg byrja har eg ikkje angra, fortalte han.
– Me treng fleire som deg, la Torun Valen Frøkedal til.
Rossehaug fekk seg nokre fleire turar som sjåfør. Neste par ut var Torun Valen Frøkedal og Olaug Marie Rossehaug. Så kom ei førdebu med stor kjærleik for sykkel, Arnhild Førde.
– Eg har sykla masse i Førde. Eg likar så godt å vera ute, sa ho.
Ein fin dag
Ho hadde ikkje sykla særleg i Sveiobygda, men gleda seg til å oppleva den frå sykkelen. Med i passasjersetet var tilsett Stina-Marie Strømsvold.
– Ha det, vinka Førde.
Medan dei køyrde av stad kom ein varm vind og dei strekte armane ut for å kjenna på sola. Det var ein fin dag på omsorgssenteret.