nyhende
Mat frå eigen hage er aller best
Når familien Marina Borodovskaya, Mikkel Odd og Kjell Sandaker lagar mat, er ingrediensane så kortreiste som det kan bli.
Hus og hage ligg i ei lun hole rett mot sør. Heile eigedomen er på 2,7 mål, og var i starten berre utmark og gjengrodd av store tre og kratt. For snart 30 år sidan vart det laga veg, bygd garasje og lagt inn straum og vatn og ein byrja å kultivera. Seinare blei det bygd ein høg levegg mot nordvesten.
I Hanabrekko 5 står grønsaker og urter på rekke og rad i pallekarmar og drivhus, og berre ventar på å setja smak på matrettar, eller som snacks der og då. Det meste er dyrka i jord frå miljøstasjonen.
Stort mangfald
Av matnyttige ting som blir dyrka finn me bladbete, reddik, raudbete, spinat og vårlauk. I tillegg til gulrøter, persille og japansk kål. Men dette er berre ein liten start på kva som veks i den frodige hagen. Sonen Mikkel Odd på ti år, riv opp ein reddik og deler med underteikna. Den smakar fantastisk!
– Me er amatørar så det blir litt prøving og feiling heile vegen. Sjølv brukar me mykje tid på å lesa om vekstene me dyrkar, internett er til god hjelp når ei plante sturar, fortel ekteparet Borodovskaya/Sandaker.
Frå Russland til Sveio
Marina har budd 12 år i Noreg. Ho kjem frå Rostov-na-Donu i det sørvestlege Russland nær grensa til Ukraina. Frå mai til september ligg temperaturen der på jamnt over 30 grader.
– Heime i Russland kan det vera tørt lenge og svært varmt, og folk kan slita med parasittar som angrip planter, men her er det ikkje så mykje av det slaget. Det me opplever mest her er bladlus, fortel Marina. Botemiddelet for å bli kvitt lusa er å ha på grønsåpevatn og sprayansvarleg er Mikkel, ei oppgåve han tek på største alvor, – og glede.
Prinseglede
Ifølgje familien gir kvardagen ute i hagen stor glede, alt frå spenninga når dei har planta noko nytt, til å kunna plukka god mat direkte. Drivhuset har blitt ein samlingsplass, både til arbeid og kvile, fortel dei, og mange måltid blir inntatt her.
Lengst inne har Marina ei lita samling pelargonium eller «prinsar», som ho vernar ekstra godt om.
– Dei får ikkje eg vatna, fastslår Kjell.
Gjerde mot hjort
Størstedelen av tomta er svært bratt og var gjengrodd, men vinteren for tre år sidan gjekk far og son i gong med å rydda skog og kratt. Det var berre å byrja i ein ende og jobba seg gjennom. Eit høgt nettinggjerde måtte også til, etter at hjorten gong på gong heimsøkte hagen og forsynte seg av eple og anna snadder.
– Eg såg meg lei av herjingane til hjorten og sette opp eit to og ein halv meter høgt gjerde. Det har hjelpt, fortel førdebuen.
Pallekarmar
I dag veks blomar og nyttevekstar i harmoni. Hagen er heile tida i endring, i mai-juni er det rododendron-buskane som står for det største fargefloret.
Familien har hatt eigedomen lenge og hytta vart bygd i 1958. I 1992 bygde Kjell garasje og etter det byrja han å kultivera hagen. I 1996 bygde han bustadhuset, og då det var gjort vakna hageinteressa meir og meir.
– Første året opparbeida eg potetåker og hausta 300 kilo poteter, fortel førdebuen.
Ifølgje hageeigarane er ingen plass for liten, heller ikkje for bratt til å dyrka. Det som er fint med pallekarmar er at ein treng ikkje grava nedi jord, karmane kan stå direkte på svaberg.
God jord er viktig for å lukkast med det som skal veksa. I pallekarmar har familien utarbeida ein eigen teknikk kor dei legg planterestar og anna avfall, og når naturens gang har laga kompost, er kassen så og seia planteklar med næringsrik jord.
Naturvern
Sandaker er oppteken av naturvern og er medlem av Miljøstiftelsen Bellona, som har som formål å arbeida for auka økologisk forståing og vern av natur, miljø og helse.
– Eg har hatt ein slik naturvern-kongstanke heile tida, det å få til noko sjølv. Eg tenkjer også på klimaendringar, og at det kan bli mangel på mat, fortel førdebuen. Han vaks opp i Førde sentrum, i det same huset der faren hadde distriktlegekontoret sitt.
Tomta er som sagt bratt, men familien har snudd det til sin fordel, funne løysingar, og hagen har blitt enda meir interessant fordi ein ikkje ser alt på ein gong. Det er som å gå på ein eventyrsti! Og det er fullt mogleg å gøyma seg vekk i hagen, berre spør Mikkel Odd, som med litt hjelp frå faren har bygd si eiga hytte lengst oppe i hagen. Her er det berre han og fuglesongen.
Flor og Fjære
Saman med foreldra likar junior å sjå seg om også i andre sine hagar. Flor og Fjære er ein slik stad, fortel han, overveldande med sine blomster og parkanlegg, men best var nå likevel iskremen.
– Mamma hadde bursdag og fekk ekstra service. Til henne kom isen direkte, ho fekk ei avlang skål med fire iskuler med ulike smaksvariantar, mens me måtte stå i kø i kiosken, fortel den oppvakte tiåringen.
Denne ettermiddagen ventar dei sjølve besøk i hagen, hageeigarane fortel det er første gongen dei tek imot ei større gruppe, noko dei gler seg til. I dag er det Sveio hagelag med gjester som kjem. Sandaker er ein av styremedlemmene i hagelaget.
– Kva planar har de vidare for hagen?
– Me vil prøva å ta vare på det me har, oppretthalda balansen, fordi det er såpass mykje arbeid, smiler Marina.
– Det var eit sværande prosjekt å rydda den lia, så viss me klarar å halda liv i det me har, er det bra, nikkar ektemannen.