nyhende
Markerte 30 år med Arbeidsstova på Lid
Med lim, måling og tålmodige hjelparar blir den finaste julepynten trylla fram på Lid grendahus. I år måtte det to grupper og to avslutningar til.
I 30 år har barn som soknar til Lid-krinsen gått på Arbeidsstova. Kvart år er det to semester, før påske og før jul. Den første omgangen i år måtte avbrytast, og etter sommarferien laga leiarane til eit alternativt opplegg, der gruppa på 22 barn blei delt i to.
Dette semesteret har dei fått laga ein «lyspakke», dekorert ei godteskål og eit kubbelys, malt ein arkivhaldar og litt diverse småting.
Det er Lilly K. Helland og Marit Ness Lie som står for planlegging og gjennomføring.
– Me ser ut til at ungane trivst. Det er noko med det å møtast ein plass og gjera noko kjekt, utan at det er krav, seier Helland. Og smittevern går heilt fint.
– Ungane kan reglane, sprit og avstand er dei flinke med, seier ho.
I vanlege år er Arbeidsstova tjue gonger årleg, i to omgangar, før påske og før jul. Arbeidsstova er i dag knytta opp mot grendahuset, og søkjer midlar frå HFBU – Håndverkstedet For Barn og Unge.
Det var husmorlaget med Marta Halleraker i spissen som starta opp Arbeidsstova i 1990. Inspirasjonen kom frå andre husmorlag i distriktet, der «deira» ungar nevenyttig trylla fram bruksgjenstandar og pynt. Damene i husmorlaget sine kunnskapar blei overførte til neste generasjon. I den tida var ungane delt inn i to grupper, store og små. Husmorlaget la ned i 2005.