nyhende
Marginar frå å slå serieleiaren
Sveio tok måndagskveld imot serieleiar Djerv 1919 sitt andrelag på Sveio kunstgrasbane. Det baud på spenning til siste slutt.
– Ja, kva skal me seia? Det vart 2–2. Me er heldige også, med tanke på at dei får ei utvising 30 minutt før slutt. Men før det synest eg me gjer ein god andreomgang. Me er fullt på høgd med dei, sa Sveio-trenar Henrik Grasdal Larsen etter kampen.
Han legg ikkje skjul på at poenget betyr mykje mot eit lag som er venta å kjempa heilt i toppen.
– På papiret skal det vera det sterkaste laget i divisjonen. Dei har uttalt mål om å rykka opp, og det ser ein også på mannskapet dei stiller med, seier Larsen, som viser til at fleire spelarar frå Djerv sitt førstelag var med i kampen mot Sveio.
Tok over etter pause
Sjølv om heimelaget fekk ein tung førsteomgang, var responsen etter pause langt betre. Etter 60 minutt vart Djerv redusert til ti mann, og då tok Sveio gradvis over kampen. Likevel let utlikninga venta på seg, før Martin Sydnes kom inn etter rundt 70 spelte minutt.
– Han brukte vel knapt 20 sekund. Me skulle veldig gjerne ha starta med han, men han har diverre ikkje vore så mykje på trening, seier Larsen.
Sveio heldt fram med å pressa, og etter 82 minutt raga Bo Jepsen høgast på ein corner og stanga ballen i mål til 2–2.
Viste moral
– Det er lett å vera etterpåklok, men me går jo til pause på 0–2. Likevel viser me moral og får med oss eitt poeng. Me låg også under med to mål mot Ølen, så det seier litt om moralen i laget, seier han.
Sveio heldt fram med å pressa på dei siste ti minutta og skapte fleire store sjansar utan utteljing.
– Me skulle jo gjerne hatt det siste målet også. Me hadde nok sjansar til det. Men alt i alt er me ganske fornøgde. Eitt poeng mot tabelleidaren er bra, seier Larsen.
Per tysdag 21. mars står Sveio med fire poeng på fire kampar og ligg på ein førebels 6. plass i 5. divisjon. Neste kamp blir spela borte mot Åkra 2 den 4. mai.