nyhende
«Manndag» blir ei greie – Kreftforeningen prøver å nå ut til menn
Menn får og døyr oftare av kreft, og mange kjenner ikkje til symptoma. No prøver Kreftforeningen å nå ut til menn i ny kampanje.
«Menn gjer noko med det», er ordspelet Kreftforeningen tek i bruk for å klargjere kreft hos menn. Dei skal også gjere alvor av «Manndag».
Så mange som fire av fem menn svarer at dei ikkje har god kjennskap til symptoma på kreft, viser ei undersøking Norstat har gjort på oppdrag frå Kreftforeningen.
Høgare risiko
– Dette bekymrar oss veldig, spesielt når vi veit at menn har ein høgare risiko både for å få og døy av kreft, seier Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeningen.
Dei fleste kreftformer rammar menn oftare enn kvinner. Det heng saman med genetikk, biologi, livsstil og at menn oftare er utsette for kreftframkallande faktorar i jobben sin.
Tradisjon og bart
Framover skal Kreftforeningen bruke kvar første måndag i månaden på å snakke til menn om kreft.
– Vi seier at vi tek Manndagen. Håpet vårt er at menn skal bli betre på å kjenne etter og gå til legen ved å auke kunnskapen deira om kreft, seier Ross.
Kreftforeningen har lang tradisjon for å setje søkjelyset på menn og kreft i november. Du har kanskje merka i tidlegare år at unormalt mange menn går rundt med bart i november – sjølv utanfor Trondheim.
Barten – på engelsk «mustache» – pluss november har skapt «movember», som er ein årleg kampanje for bevisstgjering om mannehelsa.
Slik sjekkar du
Kreftforeningen har laga følgjande sjekkliste for å følgje med på om ein kan ha kreftsymptom:
- Er det noko som har forandra seg i kroppen?
- Har endringane vart i meir enn tre veker?
- Viss ja, då er det på tide å ta ein tur til legen.
Dei fleste endringane ein kjenner i kroppen, er ufarlege. Men følgjande signal seier kreftforeininga at du skal ta på alvor:
- endringar i tarm og avføring
- hovne og ømme testiklar
- endring i urin
- symptom frå prostata
- hudforandringar på penis
- kul og hoven lymfeknute
- forandringar i brysta og smerter i kroppen