nyhende
Mann skal ha forsøkt å lokke til seg mindreårig jente
Ein mann skal ha forsøkt å lokke til seg ei mindreårig jente ved Førde skule tysdag kveld.
Hendinga skal ifølgje vaktsjef Andre Skram Hansen ved Haugesund politistasjon ha funne stad ved 19.30-tida tysdag kveld.
Den mindreårige jenta skal ha gått frå sentrum mot ein parkeringsplass ved skulen, kor ein man skal ha stått og tissa. Ifølgje jenta si forklaringa har mannen spurt om ho ville bli med han.
— Jenta har forklart at ho sa nei og sprang vekk. Då skal mannen ha satt seg inn i ei bil, og køyrd sakte etter ho, fortel seier Skram Hansen.
Jenta skal då ha gøymd seg i nokre busker, fram til bilen køyrde vekk.
Faren ringte politiet
Det var faren til jenta som kontakta politiet om saka, om lag ein time etter at hendinga skal ha funne stad.
Ifølgje Skram Hansen skal dei ha fått ein detaljert beskriving av mannen.
— Men me ønskjer ikkje å gå ut med den, seier han.
— Betyr det at politiet veit kva mann det er snakk om?
— Nei, seier han.
Han legger til at ein i slike saker aldri heilt veit kva som kan ha skjedd, og at det nokre gonger kan vere snakk om misforståingar.
— Men politiet har tatt saka på alvor, understrekar han.
Operasjonssentralen til Sør-Vest politidistrikt valde å ikkje sende ein patrulje til staden då meldinga kom.
— Eg kjenner ikkje til kva som ligg til grunn for den vurderinga, men vil anta at det handlar om at det var gått ei tid sidan hendinga skal ha funne stad, eller det kan ha vore naudsynt å prioritere andre oppdrag, seier han.
Ber vaksne følgje med
Det er politikontakt for Sveio kommune, Jostein Salemonsen, som har overtatt saka. Han seier til Vestavind torsdag føremiddag at politiet ikkje veit kven den aktuelle mannen kan vere, men at dei gjer undersøkingar.
— Me veit ikkje om det er snakk om ein lokal person, eller om det er snakk om ein mann på gjennomreise, seier han.
Han oppmodar personar som kan ha opplysingar i saka om å ta kontakt med politiet, som nås på telefonnummer 02800.
Han legg til at det er viktig å ikkje å skape unødig frykt i slike saker, men oppmodar føresette til å snakke med barna om denne type problematikk, og elles vere merksam.
Rektor Bjørn Tore Enerstvedt ved Førde skule fortel til Vestavind at han har sendt ut ei melding om saka til føresette som har tilknyting til skulen.
— Vi vil ikkje spreie for mykjen frykt med å sende ut ei slik melding, men me har bedt dei vaksne om å følgje litt ekstra med, seier han.
Han legg til at han elles har lagt det til dei vaksne om å snakke med sine barn om saka.