nyhende
Mann med pil og boge gripen i Sveio
Klokka 21.50 tysdag kveld fekk operasjonssentralen ved Sør-Vest politidistrikt melding frå eit nabolag i Sveio om at ein mann bevegde seg utandørs med ein pil og boge.
To politipatruljar frå Haugesund og ein frå patrulje Stord vart sendt til den aktuelle adressa i Sveio, kor mannen vart gripen utan dramatikk klokka 22.20.
— Mannen verka ikkje som frisk, og vart overlevert helsevesenet, opplyser vaktsjef Dan Magne Gaard ved Haugesund politistasjon.
Skal ikkje ha trua nokon
Ifølgje Gaard er det ingenting som tilseier at mannen, som er ein kjenning av politiet, har trua nokon.
Annonse
— Men han skal ha vist fram ein pil og boge, fortel han.
Hendinga skal ha skjedd utanfor ei privat adresse i eit nabolag i kommunen.