Ein mann i 50-åra er i Haugaland tingrett dømt til fengsel i eitt år for å ha påført sambuaren sin grov kroppsskade ved bruk av kniv.
Då valdsepisoden skjedde i august i 2018, var tiltalte og fornærma sambuarar og busette i Sveio. Forut for hendinga hadde begge inntatt større mengder alkohol i heimen. Utpå kvelden oppstod det ein diskusjon som enda med høglytt krangel mellom dei to. Tiltalte stakk då sambuaren med kniv i magen. Kvinna blei påført livstrugande skade i mageregionen, men klarte seg då ho fekk rask medisinsk behandling på Stord sjukehus.
Tiltalte har erkjent seg skuldig etter tiltalen. Tingretten slår fast at handlinga hans var eit alvorleg straffbart forhold med stort skadepotensial.
Ved erstatningsutmålinga har retten lagt noko vekt på fornærma sin opptreden i forkant av handlinga. Sjølv om det ikkje fritek tiltalte for ansvar, er retten einig med tiltalte i at fornærma sine ærekrenkingar spela ei viss rolle i det som skjedde. Samstundes slår retten fast at tiltalte si handling gjekk langt ut over det som kan sjåast som ein adekvat reaksjon på utskjellinga. Retten har kome til at oppreisingserstatninga til den fornærma skal setjast til 50 000 kroner.