nyhende

Dagleg leiar ved Sveio Golfpark, Gavin Hinds, oppdaga tjuveriet på video. Arkivfoto.
Dagleg leiar ved Sveio Golfpark, Gavin Hinds, oppdaga tjuveriet på video. Arkivfoto.

Mann filma på video då han stal golfbil

– Me har gode bilder og video og veit kven det er, seier Gavin Hinds, dagleg leiar ved Sveio Golfpark.

Publisert Sist oppdatert

Politiet fekk melding om at det hadde vore uvedkommande ved golfparken laurdag morgon. Det var Hinds som oppdaga kva som hadde skjedd på videoovervakinga til golfparken.

– Eg er i Sverige, men fekk varsling og logga meg på mobilen og sjekka. Der kunne eg sjå at ein mann stal ein golfbil og ein del andre ting. Eg fekk varsla greenkeeperane og meldt frå til politiet.

Har gode bilder

Mannen er på frifot, men det bør vera ei enkel oppgåve for politiet å få fatt i han.

– Bildene og videoen viser mannen tydeleg, og me veit kven det er. Politiet har fått alt i samband med at me har meldt tjuveriet, seier Hinds måndag føremiddag.

– Har dykk funne noko av tjuvegodset?

Golfbilen komen til rette

– Me har heldidigvis fått tilbake golfbilen, og held på å få oversikt over kva anna som er stole, seier Hinds.

Han er også informert om at ein av dei næraste naboane til golfparken har hatt «besøk» i same tidsrom. Der skal det blant anna ha blitt stole høgtalarar og ein del andre småting.

Powered by Labrador CMS