nyhende
Manglar mange bøsseberarar
Ei knapp veke før årets TV-aksjon manglar Sveio fleire bøssebærarar enn nokon gong før.
– Me har sett tendensen over fleire år, og no ser det verkeleg dårleg ut, seier dagleg leiar i Sveio Frivilligsentral Guro E. Røher.
Krins utan nokon
I Rød-krinsen har det for eksempel ikkje meldt seg nokon bøsseberarar i det heile. I Lid- og Bråtveit-området har dei ein og i Einstabøvoll- og Vikse-krinsane to kvar.
– Best er situasjonen i Sveio og Førde, og også i Auklandshamn sjølv om me skulle hatt endå nokre fleire der, seier Røher vidare.
Barnekreftforeningen
Det er frivilligsentralen som organiserer TV-aksjonen i Sveio. I år gjennomfører NRK aksjonen for 50. gong. I jubileumsåret går pengane til Barnekreftforeningen. «Sammen for små helter» blir årets aksjon kalla.
Barnekreftforeningen vil bruka gåvene til å finansiera fire familiehus der familiane kan få bu saman nær dei store sjukehusa medan kreftsjuke barn er til behandling.
– Rører ved kjenslene
– Alle kjenner nokon som har eller har hatt kreft, og kreftsjuke barn rører ved alle sine kjensler, sa Guro E. Røher og ordførar André Mundal Haukås til Vestavind då dei allereie for ein månad sidan oppfordra sveibuar til å melda seg som bøsseberarar.
Denne oppmodinga står ved lag. Interesserte kan framleis melda seg som bøsseberar på frivilligsentralen eller TV-aksjonen sine nettsider.