nyhende

politibil

Mangla både førarkort, forsikring og kjennemerke – køyrde likevel

Ei kvinne i 40-åra busett i Sveio kommune dømt til fengsel og bot for ei rekke brot på trafikklova.

Publisert Sist oppdatert

Kvinna er i Haugaland og Sunnhordland tingrett mellom anna dømt for å ha køyrd bil utan gyldig førarkort fire gonger. Ved tre av dei fire tilfella hadde ho heller ikkje gyldig ansvarsforsikring på bilen ho køyrde. Og ved det siste tilfellet køyrde ho også utan gyldige kjennemerke på bilen, for dei hadde politiet klipt av bilen same dag.

Politiet klipte skilta – kvinna køyrde hem

Då politiet klipte skilta vart bilen ståande i ein busslomme, mens ho reiste på jobb. Ho fekk seinare ein kollega til å køyre ho til bilen, som ho igjen køyrde heim. Politiet vart merksam på at ho hadde køyrd bilen, og trefte både kvinna og bilen hennar på heime hos ho same dag.

Rabatt for lang saksbehandlingstid

Retten slår fast at forhold i utgangspunktet skulle ha kvalifisert til 21 dagar betinga fengsel og 20.000 kroner. Men fordi saka har ligge lenge hos politiet, utan at kvinna kan lastas for det, er dommen sett til 15 dagar betinga fengsel med prøvetid på to år, samt ei bot på 10.000 kroner.

Grunna den lange saksbehandlingstida slepp ho dessutan å betale sakskostnadar til staten. Dei straffbare forholda kvinna er dømt for fann stad vinterstid i fjor, medan saka ikkje kom opp for retten før i august i år.

Red merknad: Dommen fall 31. august i år, men Vestavind har ikkje fått innsyn i den før no.

Powered by Labrador CMS