nyhende
Mange viltpåkøyrslar dei siste dagane
I helga var Viltnemda varsla fleire gonger om påkøyrslar.
– Det er fire stykk som vart påkøyrd frå fredag til søndag, og det er rådyr og hjort det går i, seier vaktsjef Håkon Tornes ved Haugesund politistasjon.
I løpet av helga var fleire bilistar og dyr uheldige både nord og sør i kommunen. Vaktsjefen byrjar med fredagen.
– Viss me tek det i rekkefølge så var det først ein hjort påkøyrd rundt klokka 14.19 på E39 i Valevåg. Denne stakk til skogs og Viltnemda vart varsla. Så klokka 18.10 var det eit rådyr som vart påkøyrd og tok kvelden ved krysset inn til Vikse, sørgåande retning på Fylkesveg 47, seier Tornes.
Fredag den 17. november var ikkje uhella over, for klokka 20.00 nær avkøyrsla til Vågedalen vart nok eit rådyr påkøyrd.
– Dette tok også kvelden og vart liggande. Viltnemnda vart varsla og henta dyret, seier Tornes.
Søndag kveld skjedde det nok ein påkøyrsel.
– Klokka 20.30 på Fylkesveg 47 i Sveio vart eit rådyr treft av ein bil og sprang av stad. Viltnemda vart varsla men det står ikkje kor dette det skjedde, avsluttar Tornes.