nyhende
Mange vil bli berørte om helsetenesta skal flyttast vekk
Forslaget om å flytta Førde legekontor til Sveio sentrum skapar engasjement, og det før politikarane får snakka saman. Folk Vestavind har snakka med i Førde, ser ingen fordelar med utspelet.
Torsdag denne veka blei det posta eit innlegg i gruppa «ka skjer i Førdebygda?» der ein innbyggjar opplyser om forslaget frå administrasjonen i Sveio kommune. På få timar tok engasjementet heilt av i kommentarfeltet – både innbyggjarar, politikarar og ein av legane sjølv engasjerer seg.
Levande bygder
Fredag var Vestavind innom butikken i bygda for å høyra kva bygdefolket tenker om saka. Nokre hadde høyrt om forslaget, andre ikkje.
– Det er ein kamp me må ta – kvifor flytta noko som fungerer? Me vil absolutt behalda legekontoret, eg ser ikkje noko positivt med å flytta det, seier Berit Bråtveit.
Tor Inge Flåten er leiar i Førde bygdalag. Fleire har tatt kontakt med han etter at det blei kjent at den lokale helsetenesta kan stå i fare for å bli flytta vekk. Nokon er bekymra, andre sinte.
– Mange eldre som bruker legekontoret bur rett i nærleiken, og kan i dag gå bort. Dei er fortvila. Det er dessutan snakk om å ha levande bygder, dersom ein vil at folk skal busetja seg i Førde, legg ein vel ikkje ned legekontoret? seier Flåten.
Ingen argument
– Nå må dei bruka vét, kommenterer ein kar, som er på veg inn for å handla, og siktar anten til administrasjonen i kommunen eller politikarane – kanskje begge.
Det er tydeleg at svært mange vil bli berørte dersom legekontoret skal leggjast ned.
– Eg ser ikkje argument for samanslåing for verken Førde eller Sveio, seier Flåten. Bygdelaget er alt i gong med å kontakta folkevalde for å få dei til å forstå deira synspunkt. Bygdelaga i Førde og Valestrand vil skriva brev til kommunen, som gjer greie for deira synspunkt, for innbyggjarar busett lenger nord i kommunen vil også bli berørte dersom dei må køyra over to mil ekstra for å koma seg til og frå lege.
Både positivt og negativt
Bakgrunnen for at rådmannen kjem med forslaget om å slå saman dei to legekontora til eitt, heng saman med mogleg rehabilitering, nybygg og omrokkering på arbeidsplassar på kommunehuset.
Dersom alt går etter planen, vil nabolokala til Sveio legekontor bli ledige, og dersom det andre kommunale legekontoret kan flytta inn her, vil kommunen sleppa å betala husleige for kontoret i Førde. I tillegg til økonomisk gevinst, vil det telja positivt for rekruttering og eit større fagmiljø, skriv rådmannen.
Ulempa er at enkelte pasientar får lengre reiseveg, og ser ein på beredskapen, kan det vera negativt å ha alle legane under eitt tak.
Per i dag er det totalt fire kommunale legar og ein privatpraktiserande lege i 50 prosent stilling, og 3,1 årsverk i hjelpepersonell det er snakk om.