nyhende
Mange vel å ha ladestasjon heime
Har du kjøpt deg ein ladbar bil er anbefalinga at du også skaffar deg ein ladestasjon heime. Alle nye bygg skal leverast med opplegg tilrettelagt for elbillading, medan eldre bygg kan trenga oppgradering før ein koplar bilen til huset.
I 2020 var det registrert 374 elbilar og 68 ladbare hybridar i Sveio, i følgje SSB. Nasjonale tal for sal av nybil seier at elbilar er i vinden, og for ein fersk elbileigar kan det vera mykje å setja seg inn i. Rekkeviddeangst er ein ting, men ikkje minst skal dei aller fleste «tanka» bilen med kabel frå hus- eller garasjeveggen.
I følgje elektrikar Arild Frøvik er det mange elbileigarar som får seg ei aha-oppleving når bilen er tatt i bruk.
Nødlading
– Mange som kjøper elbil ladar heime i stikkontakten, men å bruka ladeledningen som følgjer med blir sett på som nødlading. Det tar dobbelt så lang tid å lada frå ein vanleg stikkontakt. Det er også brannfarleg, forklarar Frøvik i Frøvik Elektro.
Lova seier at det elektriske anlegget skal vera egnet til forutsatt bruk. Lading frå ein vanleg jorda kontakt vil ikkje tilfredsstilla kravet, då den ikkje er meint for denne type belastning over tid, opplyser DSB. Varmgang kan vera ein konsekvens av feil bruk.
DSB si klare anbefaling å installera ein ladestasjon, då denne gir god sikkerheit, ladar raskt og har stor fleksibilitet. Ein slik ladestasjon vil ha lang levetid, og er normalt førebudd for laststyring, som kan redusera kostnadar når «køprising» av strøm blir innført om ei tid.
Ladestasjon
Når elbilane kom oppstod det ein ny marknad for elektrikarane, no er det eit heilt daglegdag oppdrag å installera ladestasjonar. For Frøvik Elektro sin del, varierer mellom 0 og 3 oppdrag i veka hos private og bedrifter. Dei fleste går for ein heimeladar, medan andre har behov for fleire. Forresten, er det litt feil å kalla boksen for ein heimeladar, sjølv om dei fleste forstår kva det dreier seg om.
– Me kallar det for ein ladar, men ladaren står i bilen. Heimeladaren er eigentleg ein mellomstasjon som snakkar med bilen, forklarar Frøvik, som har fleire typar ladestasjonar i sortimentet, med ulike kvalitetar.
Avansert
Fossilt drivstoff kan kort delast inn i bensin og diesel, men innan elektrisitet er det naturleg nok andre omgrep å setja seg inn i, som volt, ampere og kilowatt – både i hus og bil.
– Det er avansert, og eg forstår at folk detter av lasset. Dei fleste som tar kontakt med oss veit ikkje så mykje sjølve, og treng hjelp til å finna ut kva dei treng, seier Frøvik.
Alle hus kan i utgangspunktet kan gi straum til ein bil, men det er det elektriske anlegget bestemmer kor mykje kapasitet som er ledig til ei slik oppgåve.
Ny hovudsikring
Det første ein elektrikar må gjera for ein kunde som ønskjer å leggja til rette for opplading av bil, er å kartlegga det elektriske anlegget i bygget, og gjerne få kjennskap til kva bil som skal ladast. I framtida skal kanskje fleire bilar ladast frå same stad?
– Dersom ein kjøper seg elbil og bur i eit eldre hus, kan ein i nokre tilfelle rekna med at ein må montera større hovudsikring, nytt inntak og overspenningsvern. Ein slik kostnad kan vera frå 10 000-20 000 kroner. I tillegg kjem kostnaden på sjølve boksen og installeringa av denne, som har ein minstepris på rundt 15 000 kroner inkludert montering.
Om lag halvparten av oppdraga deira er i Sveio om dagen, men dei er like mykje utanfor kommunen.
– Heimeladaren finst i forskjellege variantar. Easee er den som er mest seld i Noreg, og om nokon veit kva ladar dei vil ha, så er det den, seier Frøvik.
Ladeklare bygg
Nye bygg som blir førte opp no, er det lovpålagt å laga klart opplegg for lading av elbil.
– I Tek17 er det krav om at det skal leggjast fram kabel på alle nye hus, hytter og leilegheitar til der bilar skal stå, seier Frøvik.
I følgje Elbilforeningen blei Byggteknisk forskrift endra 1. juli i år, for å sikra at nybygg blir gjort ladeklare.