nyhende
Mange unødvendige utrykkingar
Haugaland brann og redning iks har hittil i år aksjonert på 66 hendingar i Sveio. Rundt kvar tredje var unødig.
På landsbasis utgjer unødige alarmar opp mot 40-50 prosent av utrykkingar. Dette kan vera til dømes teknisk feil med alarmanlegg eller matlaging der steikeos utløyser alarmen.
– I Sveio har me dette året hatt heile 21 slike alarmar av forskjellig art. Unødige alarmar må ikkje forvekslast med falske alarmar, som er utløyst i ond hensikt, utan at brann har oppstått. Slike alarmer har me heldigvis yttarst sjeldan, kommenterer Kjetil Staveland, områdeleiar beredskap Haugaland brann og redning iks.
Åtte brannar
Brann- og redningsvesenet har mange ulike oppgåver, alt frå livstrugande til helseoppdrag med bæring og løfting.
I Sveio er det sidan nyttår blitt rykka ut til eitt tilfelle av brann i tunnell, tre tilfelle av brann i personbil, og fire bygningsbrannar.
Vidare har det vore fem trafikkulukker, to bergingar av verdiar, (mellom anna lensing av båt), og tre aksjonar mot akutt ureining. I tillegg har brann- og redningsvesenet hatt fleire mindre oljevernaksjonar på sjø etter utslepp frå båtar/skip.
Livredning
I helseoppdrag ligg alt frå assistanse til ambulanseteneste, til oppdrag der ein rykker ut for å redda personar, til dømes ved bruk av hjartestartar i påvente av ambulanse.
– Av hendingar som kan framhevast vil eg absolutt dra fram ein hjartestans i sommar, der mannskapa gjorde ein svært god jobb med hjarte- og lungeredning. Med hjelp av hjartestartar fekk dei liv i personen. Lokal beredskap reddar liv, fastslår Staveland.
20 brannstasjonar
Haugaland brann og redning iks har frå 2018 drifta brannvesenet i åtte kommunar på Haugalandet og har blitt eitt av dei største brannvesen i landet.
– Me er stolte av å vera lokal beredskap og har 20 brannstasjonar, deriblant Sveio- og Førde brannstasjon, med dyktige mannskap, seier områdeleiaren beredskap Haugaland brann og redning iks.