nyhende
Mange stoppa grunna høg fart
Utrykkingspolitiet heldt kontroll i Førde på søndag.
– Dei hadde ein kontroll i 60-sona i Førde kor dei skreiv ut 28 reaksjonar, seier Gunnar Sande, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Søndag stod Utrykkingspolitiet langs E39 i Førde og målte farten til sjåførane. Ingen såg ut til å vera ueinige med politiet om farten deira.
– Det ser ut som alt vart forenkla førelegg, og den høgaste farten som vart målt var 77 kilometer i timen, seier Sande.