nyhende
Pablo (33) fekk påvist koronasmitte:
– Mange som ikkje kjenner meg begynte å spekulera
Mange elevar og lærarar blei berørte då koronaprøven til Pablo Trescastro viste seg å vera positiv, men han veit ikkje sjølv kor han fekk smitte frå. – Ein kan bli smitta sjølv om ein er forsiktig, seier han.
Til dagleg jobbar Pablo Trescastro innan undervisning på Sveio skule. Hovudfaga hans er spansk og engelsk, svømmeundervisning har han også. Han er fødd og oppvaksen i Spania, og kom til Noreg og Sveio som frivillig gjennom Erasmus-prosjektet i 2013. Etter volontør-perioden bestemte han seg for at Noreg var hans nye heim.
– Det var ein god sjanse for å prøva seg på noko nytt. Klimaet og folka er annleis enn i Spania, det går ganske greit. Eg hadde ikkje busett meg her om eg ikkje trivst, seier den muntre spanjolen, som bur på Mølstre i lag med sambuaren frå Frankrike.
Reinhald og avstand
Sidan skulane opna opp for undervisning frå slutten av april, har det vore stort fokus på reinhald og avstand. Det er noko Trescastro har tatt på alvor. Han har heile perioden vore forsiktig av omsyn til jobben, og alle elevane han møter.
– Eg har ikkje vore mange stader, og har begrensa meg veldig. Sidan mars-april har eg hatt eit lite sosialt liv. Eg var ikkje på tur i sommarferien, og i Spania har eg ikkje vore sidan februar 2020. Eg har tenkt på at om eg blir sjuk og smittar barn, vil familiane deira også bli berørte. Men likevel skjedde det – sånn er livet, seier han.
Resultat om kvelden
Me går tilbake til ein fredagskveld i oktober. Klokka er rundt ti om kvelden. Heime på Mølstre blir Trescastro brått dårleg, kvalm og kald.
– Eg låg to dagar sjuk i senga, eg sveitta, hadde høg feber og klarte ikkje å stå opp frå senga. Det varte i omtrent 24 timar. Eg tenkte at eg kanskje var veldig forkjøla, eg hadde ikkje korona i tankane, då eg hadde vore veldig lite i kontakt med folk. På måndagen tok eg ein test, just in case, fortel Trescastro.
Resultatet kom neste kveld i 22-tida. Positiv.
– Eg tenkte først og fremst på jobben, og at det ville bli vanskeleg for dei å ordna alt så seint på kvelden, men dei tilpassa seg godt til situasjonen, seier han, og tenker spesielt på leiinga på Sveio skule.
Seint same kvelden gjekk meldinga ut til foreldre og føresette, om at Sveio skule, med over 500 elevar skulle halda stengt påfølgjande dag, fram til situasjonen var meir oversiktleg.
Tenkte mykje
Liste over nærkontaktar blei skrive, han gav klarsignal til koronasenteret om at det var greit å oppgi at det var han som hadde fått sjukdomen om nokon spurte.
– Dei neste dagane tok nærkontaktane mine testen, på grunn av jobben var det ganske mange elevar frå skulen. Eg tenkte mykje på om eg hadde spreidd viruset vidare. Om ei mor blei sjuk, smitta av min elev, ville det vera min feil, seier Trescastro, som snakka med tilsette på testsenteret om tankane han hadde.
Etter at nærkontaktane var oppgitt, kunne han ikkje gjera noko anna enn å venta. Og tenka.
Ingen positive
– Eg var stressa. Eg tenkte på at det kunne skje ting med dei eg jobbar med. Eg brukte mange timar på nettet for å fiska etter informasjon, og spurte kollegaer om det gjekk greit med dei.
Heldigvis var det nokre gode venner og naboar som stilte opp, og spurte kva dei kunne gjera for han.
I dagane som følgde, tok koronasenteret kontakt med Trescastro, og informerte han om kva som skjedde, og om resultat på prøvar. Til alt hell hadde ikkje viruset blittt spreidd vidare til nokon.
– Det som er positivt, er at tiltaka me har på skulen fungerer. Det viser at me har vore forsiktige, både tilsette og elevar tar dette på alvor.
Lokale rykte
Det som han har opplevd som negativt, er ryktene som oppstod. Folk begynte å laga sine eigne teoriar om kor han blei smitta.
– Folk som ikkje kjenner meg begynte å spekulera, og sa at eg blei smitta i Spania. Dei sa også at eg var smitta av sambuaren min, som hadde vore i Frankrike, men testa seg opptil fleire gonger ved heimkomst, fortel Trescastro.
Fleire tok kontakt og spurte om dette stemte, noko han kunne avkrefta. Han synest snakket var kjipt, i og med at han hadde vore så forsiktig.
Ukjent smittekjelde
Det var godt å vera tilbake på jobb, læraren kjende seg veldig velkommen, mange av elevane var nysgjerrige.
– Dei var glade for at eg var tilbake, og fekk spørja meg om kva dei ville. Dei lurte på kor eg fekk det frå, korleis eg hadde det, og om eg vart veldig sjuk.
– Veit du kor du fekk smitte frå?
– Nei. Alle kontaktane eg hadde var negative – bortsett frå éin person, ein venn frå Stavanger. Hans prøve var også positiv. Me åt saman i byen på ein restaurant då han var her ein dag. Eg har snakka med han fleire gonger om dette, og han kjenner heller ingen andre som er positive. Det må enten ha vore han, meg – eller at me blei smitta på same tid.
Pass på psykisk helse
Om andre skulle koma i same situasjon, vil han seia at ein berre må venta og sjå. Verst for han var dei nemnte ryktene som oppstod. 33-åringen har ikkje kjent på skuld for at det blei som det blei.
– Eg tenkte at eg ikkje hadde gjort noko gale, ein blir sjuk – det er slikt som skjer, seier han.
Til andre som har følgt smittevern og likevel får korona, har han følgjande bodskap:
– Det er viktig å passa på psykisk helse. Ein er gjerne aleine og har mange tankar. Det er slikt som kan skje, sjølv om ein er forsiktig.