nyhende

Mange smil og litt alvor første skuledag i Førde

Ingen av elevane har hatt lekse i sommarferien, men den nye rektoren på Førde skule har pugga ein del, på eige initiativ – Eg kan nok rundt 75 prosent av elevane, seier Bjørn Tore Enerstvedt, som har mål om å læra seg vel 90 elevnamn innan kort tid, i tillegg til deltakarane på vaksenopplæringa.

Publisert Sist oppdatert

Etter 56 dagar med sommarferie var det på tide å samlast igjen til nytt skuleår. Elevane prata, sprang rundt i skulegarden i Førde, leika tikken og hadde det kjekt før klokka ringde inn. Denne seinsommardagen var det fleire glade gjensyn mellom elevar og tilsette. Dei helste på kvarandre med gode klemmar – det er trass alt tillete på grønt nivå.

Ei gruppe hadde sin aller første dag. 5- og 6-åringane hadde minst ein vaksen med seg, ein del av dei var nok litt rolegare og alvorsprega enn vanleg, naturleg nok. Då var det godt med ei hand og to å halda i.

– Det blir kjekt med lekser, seier Sverre Enerstvedt (5). Her trygt mellom pappa Theodor og mamma Ranveig.

– Ny rektor, utbryt ein 2. klassing, og ser på Bjørn Tore Enerstvedt som kjem gåande.

– Veit du kva eg heiter, spør ho smilande.

– Ja, Sina, svarar han, og legg til at han ikkje hugsar det andre namnet hennar.

Jenta, som heiter Sina Elise Nerland ser ut til å vera nøgd med responsen, og trippar vidare.

Velkomst

Førde skule har 86 elevar i grunnskulen frå skulestart, og 19 deltakarar på vaksenopplæringa.

Denne jenta småsprang opp bakken til skulen. Rakel Victoria Vaka Bjordal er snart 6 år, og har ny sekk på ryggen. Like etter at bildet blei tatt, fekk ho ein god klem av søskenbarnet sitt, som også går på Førde skule.

– Alle har gleda seg veldig masse til å sjå dykk. Spesielt ønskjer me velkomen til nye 1. klassingar, dei må me ta ekstra godt vare på, slik at dei kjenner seg velkomne, oppmoda Bjørn Tore Enerstvedt då han ønskte velkommen til det nye skuleåret på Førde skule.

Namna til dei 12 skulestartarane blei lesne opp, og etterkvart følgde lærarane elevane sine til rett klasserom. Så var det i gong, skuleåret 2021/2022.

Lærar og rektor

Etter fire år med kontorjobb i FOS (Forum for oppvekst i Sunnhordland), der Enerstvedt i korte trekk har lagt til rette for kompetanseutvikling for tilsette som jobbar innan skule og barnehage i seks kommunar, gler han seg veldig til vera tettare på barn og unge.

– Eg har sakna å vera nærmare elevar. Det er meir liv og pulserande å vera på ein skule enn kontor, seier 38-åringen, som tok til i arbeidet 1. august.

Tidlegare har han vore rektor på Lid skule, Vikse skule og lærar på skulane i Førde og Auklandshamn. Alle etappane har vart i tre år, bortsett frå jobben i FOS, den har den nye rektoren hatt i fire år.

– Eg har ingen planar om å stoppa på tre år her, smiler han.

Namnetest

– Du fekk ein eldprøve av ei jente som lurte på om du visste namnet hennar. Korleis visste du det?

– Eg har brukt tid på å lesa namn på elevane i katalogen frå i fjor, og kan nok rundt 75 prosent av elevane. Om nokre veker kan eg alle, seier Enerstvedt.

– Er det viktig å kunne namnet på alle elevane?

– Alle menneske fortener å bli kalla ved namn. Det viser at me ser dei, og viser respekt, forklarar Enerstvedt.

Gode relasjonar

Mange som skal starta på skulen har nok fått høyra «du må passa deg for rektor» i ein spøkefull tone, og har kanskje derfor litt vel mykje respekt for autoriteten frå tidleg av. Respekt er fint, men ein treng ikkje frykta skuleleiaren.

– Det er ingen grunn for å vera redd for rektor. I starten vil eg vera mykje ute i friminuttane for å snakka med elevar og bygga gode relasjonar, seier Enerstvedt.

Som rektor vil hans oppgåver vera å leggja til rette for at elevane skal ha det bra sosialt, og fagleg gode føresetnadar for å læra. Sjølv om han har hatt liknande stillingar før, er det mykje å setja seg inn i no i starten. Vaksenopplæring er til dømes nytt. Og nytt av året er at SFO skal vera i gamleskulen, på grunn av ei auke i påmelde elevar.

– Det er spennande å med vaksenopplæringa. Når det gjeld SFO er det kjempegøy at me har såpass mange, rundt 30 elevar blir det, opplyser han.

Powered by Labrador CMS