nyhende

Mange kreative tiltak mot plastforureining

41 elevar på 5. og 6. trinnet ved Vikse skule avslutta tysdag eit vekelangt prosjektarbeid der kreativiteten deira blei utfordra overfor problemstillinga: Korleis skal me løysa problemet med plast i naturen?

Publisert Sist oppdatert

Prosjektet blei gjennomført innanfor SMART-programmet til Ungt Entreprenørskap Rogaland. Rådgjevar grunnskule Ole Petter Bue Rettedal frå Ungt Entreprenørskap var med både på oppstart og avslutning.

Problemstillinga var gitt av Handelens miljøfond. Elevane blei delte i åtte grupper. Gruppesamarbeid var ein viktig del av læringsprosessen, forklarar rektor Ronny Valdersnes ved Vikse skule.

Reelle problemstillingar

– Elevane er utruleg kreative. Det er spennande å sjå gleda deira over å ta tak i problemstillingar som er heilt reelle og som det ikkje finst noko svar på i dag. Dei ideane elevane kom opp med, blir kanskje aldri gjennomførte. Men kanskje vil det føra til at i alle falle nokre av elevane vil arbeida vidare med utfordringane, seier Rettedal til Vestavind, og held fram:

– Alle blir meir bevisste på problemet som plast i naturen representerer. Eg trur også det betyr noko for elevane at vaksne set av tid og blir med for å sjå kva dei har utvikla.

Mange av elevane valde å sjå på løysingar for å samla opp plast i havet, men andre også  handtering av plastavfall på land. Og fleire kreative robotar og andre tekniske innretningar blei modellerte.

Mannsterk jury

Avslutningsdagen var også jurydag der elevane fekk visa fram sine løysingar og blei vurderte og premierte i fire klassar: Beste idé, beste samarbeid, beste framføring og beste prototype.

Juryen besto av Rettedal saman med bærekraftansvarleg i Haugaland Kraft John Arild Arnø og ordførar i Sveio, André Mundal Haukås.

– Me hadde ein skikkeleg vanskeleg jobb, for elevane kom opp med mange gode og kreative idear, fortel Rettedal.

Utfordrar andre skular

Han seier det er første gong han har vore med på eit slik prosjekt i Sveio, men han vil gjerne også utfordra dei andre skulane i kommunen til å vera med.

– For oss var dette utelukkande positivt. Me vil gjerne gjera det igjen, seier rektor Ronny Vallersnes.

Han er sjølvsagt klar over at medan nokre blei glade for å bli premierte, var andre svært skuffa.

– Men det er også ein del av livet og noko me må læra å takla, seier han.

Powered by Labrador CMS