nyhende

Vaksinering på Sveio soknehus
Sist veke vart den siste vaksinetorsdagen på Sveio soknehus fullført. Frå venstre nytilsett prosjekt-koordinator, Anne Tislevoll Ottesen, prosjektkoordinator Gro Anita Lillevik, einingsleiar Sveio omsorgssenter, Camilla Selbak, spesialsjukepleiar Laila Johannessen, og kommunalsjef helse og omsorg, Ingunn Toft.

Mange i arbeid for å sikra vaksinasjon til alle

Vaksinasjons-arbeidet vil vera høgt prioritert i Sveio kommune framover.

Publisert Sist oppdatert

I løpet av to føremiddagstimar kvar torsdag, blir det sett covid-19 vaksiner på Sveio soknehus. I forkant er det mykje planarbeid og mange hender og hovuder i sving.

Blant anna skal det lagast namnelister og det skal ringjast rundt til dei som skal kallast inn til vaksinasjon. Alle i aldersgruppa over 75 år blir kontakta per telefon.

– Viktig å få tak i alle

Ein av dei som er med på dette er Anne Tislevoll Ottesen, nytilsett korona-koordinator i Sveio. Ho er utdanna innafor økonomi og administrasjon, er busett på Stord, og starta i jobben 14. januar i år.

– Viktig at alle får moglegheita, difor ringjer me og ber om eit svar, anten ja eller nei. Det har faktisk hendt me har køyrd heim til folk me ikkje har fått tak i på telefon, fortel Tislevoll Ottesen. Ho opplever i stor grad at follk er glade for å bli kontakta.

– Opplever du vaksine-skepsis?

– Dette er jo heilt nytt, så skjønar godt om folk har spørsmål. Me ber dei gå til lege om dei er usikre på om dei vil vaksinera seg, seier Tislevoll Ottesen.

Glad for tilbodet

Hennar oppleving er at folk som møter til vaksinering er glade for å få tilbodet. Det kan også kommunalsjef helse og omsorg, Ingunn Toft, bekrefta.

– Det er litt «happening», folk har pynta seg og er i godt humør, – det er ei positiv greie dei har venta på. Me ser at dei saknar det sosiale livet og hamnar fort i prat, og går gjerne på Haugli etterpå.

Ifølgje Toft har det ikkje kome tilbakemeldingar på at folk har fått alvorlege biverkander rett etter vaksinen. Det har heller ikkje vore uforutsette hendingar under vaksineringa. Det er alltid sjukepleiar til stades, og lege er alltid i tilgjengeleg om det skal vera noko.

Ressurskrevjande

Sveio har 122 innbyggjarar over 85 år, og 236 innbyggjarar mellom 75 og 84 år.

– Dei aller fleste over 85 år som me har vore i kontakt med, har sagt ja til vaksinen. For personar under 75 år vil det bli nytta elektronisk løysing. Dette ligg ei veke eller to fram i tid, opplyser Toft.

Ifølgje kommunalsjefen går det med litt over fire årsverk til å organisera koronatiltaka i Sveio. Sjølv har ho levd med stort arbeidspress sidan pandemien råka landet i mars i fjor.

– Nye beskjedar kjem heile tida, me veit stort sett to veker i forkant.  Det er alltid spenning kor mange vaksinar me får, kva tid me får, og kor mange vaksinar me får opp av hetteglasa. Først var eit glas berekna til fem dosar, så blei det seks, men det er ikkje alltid ein klarar det. Denne slingringa gjer noko med logistikken. Me vaksinerer både dei eldre og inntil 20 prosent helsepersonell, så viss me ikkje får opp nok dosar er det helsepersonell som må vika den aktuelle dagen. Desse vert då utsett til veka etter.

Powered by Labrador CMS