nyhende
Mange fortener ein sommarbukett
Siste sommarbuketten i år blei delt ut sist veke. Alle som har fått bukett er verdige mottakarar, og me har hatt gode kandidatar å velja mellom.
Dei som ikkje fekk sommarbuketten i år, fortener ein verbal bukett. Og takk for innsatsen dei gjer for at andre i lokalsamfunnet skal ha det bra.
Ikkje alle kandidatar har kunna eller villa ta imot sommarbuketten, og andre fekk den i fjor. Nokre av dei som har sendt inn forslag til kandidatar har skrive kort, og andre har skrive langt. Me tar med alt i oversikta.
Ei takk også til alle dei som bryr seg og sender inn forslag til kandidatar. Utan dei hadde det ikkje vore sommarbukettar å dela ut. I år har det vore kjekt å sjå at kandidatane kjem frå ulike aldersgrupper.
Og hugs: blir det sommarbukett til neste år, er det lov å foreslå din kandidat igjen.
Ingunn Skåden
Eg synes Ingunn Skåden fortjener sommarbuketten. Ho motiverar og inspirerar unge og gamle, ja folk i alle aldrar, med og uten helseutfordringar til å halda seg i form. Ho kjem med gode råd og rettleiing, og ho ser kvar enkelt. Det er veldig viktigt for oss som trenar. Ho er alltid positiv og smilande, så det er ein glede å trena der ho er enten det er på Albatross eller Heron.
Eva Førde
Fordi hun har jobba gratis på omsorgsenteret i mange år.
Ole Johan Sveen
Me har lyst til å nominera Ole Johan Sveen. Ole Johan har i mange år vert trenar og kompis for alle oss guttane i Sveio volleyball. Han legg ned utallige timar og kveldar for å trena oss. I tillegg stiller han alltid opp som sjåfør på kampane. Han har til no vore med på over 1.000 kampar. I tillegg til trenar er Ole ein kompis. Døra hans er alltid open, og me er mange sommarkveldar hos han. Der badar me, et kjeks og skaper gode minner. Derfor vil me nominere Ole Johan til sommerblomsten i år.
Reidun og Kåre Haukås
Fordi dei har drive å køyrt ut middag til dei eldre i mange år Alltid smilande og forekommande. (Reidun fekk sommarbuketten i fjor.)
Liv Våge
Eg vil foreslå Liv Våge til ein bukett. Liv har i mange år gleda folk i vaksen alder med sitt pianospel og gode humør på eit utal arrangementer i både Sveio og Haugesund.
Trygve Hovda
Han går rundt i Sveio sentrum og ryddar, sjølv om han nesten ikkje er i stand til å gå! Han gjer sentrum ryddig og triveleg. Korleis ville det sett ut om han ikkje hadde denne runden nokre gonger kvar veke?
Inger Emilie Kvalvåg Panayiotou
Me nominerer Inger Emilie Kvalvåg Panayiotou. Ho står på for at alle rundt seg skal ha det best mogeleg. Som leiar i Sveio Drill og klubbrådgivar i Lid 4H, legg ho ned utallige timar med dugnad for at barn og unge skal ha gode og trygge fritidstilbod. Hun er ekspert på å gjera andre god! Me set utroleg stor pris på jobben ho gjer år etter år.
Torleif Bjelland
Stiller opp på Sambrukshuset og gjer mykje frivillig.
Anna og Martin Haugsgjerd
Anna og Martin Haugsgjerd bør få sommarbuketten. Dei gjer ein stor frivillig innsats ved demensavdeling på Sveio omsorgssenter. Om lag ein gong i månaden kjem dei med heimelaga pannekaker og serverer bebuarane mens dei snakkar og les saman med dei og samtidig koser seg med pannekaker og drikk kaffi. Dette sett bebuarane stor pris på, derfor fortener dei sommarbuketten.
Tor Inge Flåten
Eg vil tipsa dykk om ein person som gjer mykje dugnad for bygda i Førde. Personen er Tor Inge Flåten. Han er bydelagsleiar. Positiv, imøtekommande, lyttande og engasjert i Førde. Han er opptatt av utvikling av Førde og vedlikehald av det som er i Førde. Han pratar med dei fleste i Førde, og mange kjenner han. Han fortener verkeleg ei blomehelsing. Må også seia at han har stått mange timar i kiosken ved stranda i Førde i vår- og sommarperioden. Seld vaflar, brus, is og kaffi til personar som skal opp i Rex garden å sjå, og dei som brukar stranda. (Tor Inge fekk sommarbuketten i fjor.)
Astrid Sveen
Ho er eit ekte ja-menneske, seier ja til alle førespurnader, ordnar opp, og er med på mykje frivillig arbeid. Ho er blant anna engasjert i pårørandeforeininga på SOS, pensjonistforeininga, helselaget og strikkeforeninga. Ho tilbyr også skyss til eldre, deriblant ho som kjem med dette framlegget.