nyhende

Resultat av Ungdata-undersøkinga presenterte i Sveio:

Politikontakt Jostein Salemonsen seier mange foreldre er naive og let seg lura når det gjeld unge sin rusbruk.
Politikontakt Jostein Salemonsen seier mange foreldre er naive og let seg lura når det gjeld unge sin rusbruk.

– Mange foreldre let seg lura

– Mange foreldre er naive. Dei let seg lura av ungdommane sine når det gjeld bruk av rusmidlar, seier politikontakt Jostein Salemonsen.

Publisert Sist oppdatert

Måndag var han til stades då resultatet av årets Ungdata-undersøking blei presentert i kommunestyresalen i Sveio. Undersøkinga viser mellom anna at rusbruken aukar blant ungdomsskuleelevane i kommunen, sjølv om tala enno er låge samanlikna med osloområdet.

Meir alkohol

Ungdata-undersøkinga blei gjennomført i mars. Kristine A. Ytreland og Karen Asheim frå Korus-nettverket si avdeling i Oslo presenterte resultata for kommunetilsette, politikarar og medlemmer av ungdomsrådet.

Kristine A. Ytreland (t.v.) og Karen Asheim Korus presenterte resultata av undersøkinga i Sveio.

Ytreland og Asheim kunne mellom anna fortelja at 16 prosent av elevane på ungdomstrinnet oppgir at dei har vore rusa på alkohol ein eller fleire gonger det siste året. For tre år sidan var talet 11 prosent og i 2019 fire prosent.

Fire prosent av ungdomsskuleelevane oppgir at dei har brukt hasj eller marihuana det siste året. Det er ei dobling sidan 2022. I 2019 var det ingen som oppgav at dei hadde brukt narkotiske stoff. Auken i bruk av hasj og marihuana er likevel langt mindre enn auken i tilbodet. 17 prosent av ungdomsskuleelevane oppgir at dei har fått tilbod om slike stoff det siste året. I 2019 var det berre fem prosent som hadde fått slike tilbod.

– Trenden ser ut til å vera den same over heile landet. Eg reknar med at me vil sjå det av tala for nabokommunane våre også, seier Salemonsen.

Tyngre narkotiske stoff er det ikkje snakk om på ungdomstrinnet i Sveio, seier han.

Politikontakt Jostein Salemonsen seier mange foreldre er naive og let seg lura når det gjeld unge sin rusbruk.

Psykiske plager

Ungdata-undersøkinga i Sveio omfattar denne gongen både ungdomstrinnet og mellomtrinnet. Hovudinntrykket er at dei aller fleste har det bra, både på skulen og i fritida. Men tendensen er at trivselen på skulen går ned, og det er fleire som oppgir at dei kvir seg for å gå på skulen. Tala viser også at fleire fortel om psykiske plager. I årets undersøking seier 21 prosent av ungdomsskulelevane at dei har opplevd psykiske plager. Det er i overkant av andre kommunar, påpeikar Ytreland og Asheim, som stiller spørsmål om årsakene.

Trass i nokre negative utviklingstrekk viser undersøkinga at dei fleste sveioelevane har det bra. 80 prosent av ungdomsskulelevane er nøgde med foreldra sine, og 51 prosent er nøgde med skulen dei går. På mellomtrinnet er desse tala endå høgare. 94 prosent er nøgde med foreldra og 71 prosent er nøgde med skulen dei går på. Dei fleste har også vener og vaksenpersonar dei kan snakka med.

Mange av dei som arbeidar med barn og unge i Sveio var til stades under presentasjonen.

I gang med tiltak

Resultata som blei lagde fram måndag, overraskar ikkje kommunalsjef oppvekst og kultur Elisabeth Nygaard. Ho tar negative trendar på alvor, men peikar også på at kommunen allereie er godt i gang med tiltak for å betra trivselen både på skulen og i fritida. Det har også representantane for Korus merka seg og rosar dei planane som ligg føre.

210 elevar på mellomtrinnet og 232 på ungdomstrinnet deltok på Ungdata-undersøkinga. Det tilsvarar 87 prosent av elevane på mellomtrinnet og 91 prosent på ungdomstrinnet.

No skal administrasjonen dukka ned i talmaterialet for å få ei større oversikt. Resultata skal også leggjast fram for politikarane, lovar Ungdata-koordinator Petter Steen jr.

Powered by Labrador CMS