nyhende

Gummigranulatet på kunstgrasbaner skal ikkje ut i naturen. No har Statsforvaltaren i Vestland sjekka stoda på banene i ti kommunar, og resultatet var nedslåande. Illustrasjonsfoto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB / NPK
Gummigranulatet på kunstgrasbaner skal ikkje ut i naturen. No har Statsforvaltaren i Vestland sjekka stoda på banene i ti kommunar, og resultatet var nedslåande.

Mange feil på kunstgrasbaner i Vestland

Statsforvaltaren i Vestland fann feil på kunstgrasbaner i åtte av ti kommunar under ein tilsynsrunde. Berre Osterøy kom frå tilsynet utan merknader.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Bakgrunnen er dei nye reglane for kunstgrasbaner som tredde i kraft 1. juli i fjor, og som skal hindre at gummigranulat kjem på avvegar.

– Blant dei ti undersøkte fann vi alt frå kommunen som ikkje har komme så langt, og knapt tenkt på korleis dei skal handtere gummigranulat, til den som har jobba aktivt med dette i fleire år før forskrifta tredde i kraft, seier seniorrådgivar Gunn Helen Henne hos Statsforvaltaren i Vestland til Kommunal Rapport.

Kommunane som vart undersøkte, er Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Kinn, Osterøy, Sogndal, Sunnfjord, Voss og Øygarden. Det er ulikt kor mange anlegg Statsforvaltaren har undersøkt, og dersom det er funne feil ved eit anlegg, er det registrert som avvik for kommunen. I Osterøy er det berre undersøkt ei bane, som altså ikkje hadde avvik. I Askøy vart 12 anlegg undersøkte, og dei fekk berre ein merknad. Alle dei andre kommunane er registrerte med avvik.

Dette er dei vanlegaste feila som vart funne:

• Dei manglar kostestasjonar der ein kan koste av seg gummigranulat ved inn- og utgangen til banene.

• Dei manglar rist der granulatet kan samlast opp.

• Dei manglar filter til å fange opp granulat frå sluk, både ute og inne i garderobar og dusjanlegg.

• Dei manglar brøyterutinar som sikrar at granulat ikkje kjem på avvegar.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS