nyhende

Mange fann vegen til bondemarknaden

Landbruket stod i fokus under Bondemarknaden i Sveio sentrum søndag. Om lag 500 små og store møtte fram for å ta del i dei mange aktivitetane og tilboda.

Publisert Sist oppdatert

På programmet sto mellom anna traktorutstilling, kåringsjå med 129 vêrlam, open gard med kalv, høner, geiter, sau og gris, gjetarhundoppvisning, salsboder, samt andre aktivitetar midt i Sveio sentrum.

Jon Bergmål er nestleiar i Sveio Bonde- og småbrukarlag. Han var svært nøgd med både frammøtet og gjennomføringa av landbruks- og familiedagen i det litt ruskete haustvêret. Han ser for seg at Bondemarknaden vert ein årleg tradisjon der gardbrukarar, sjølvstendig næringsdrivande og besøkande møtes for å utveksla erfaring og ny kunnskap.

Desse fire ungdomane frå Lid 4H selde mykje søtt og godt på marknaden. Frå venstre Sofie Våga, Sunniva Hjelmeseter, Linnea Bergesen, Kari Haara Matre.

Stor aktivitet

Sveio Sau og Geit, Sveio Bondelag, Sveio Bonde- og småbrukarlag, Lid 4H, Sisu 4H, Spretten 4H, hausttakkefest i Sveio kyrkje, samt salsboder frå lokale produsentar samt Fatland og Nortura bidrog til stor aktivitet frå tidleg formiddag.

Utanom dei mange vaksne aktørane, var det imponerande å sjå barn og unge som sytte for at besøkande i alle aldrar vart møtt med smil og glede, hjelp med ulike aktivitetar og ikkje minst mat og drikke.

– Her har eg ein villsau og fem farga spelsauer, fortalde Arild Hanasand som bur i Mølstrevåg. Han var ein av fleire gardbrukarar som tok del i Sveio Sau og Geit sitt arrangement kåring av vêrlam.

Vêrlamkåring

– Her har eg ein villsau og fem farga spelsauer, fortalde Arild Hanasand som bur i Mølstrevåg. Han var ein av fleire gardbrukarar som tok del i Sveio Sau og Geit sitt arrangement kåring av vêrlam.

Hege Vigre, leiar i Sveio Sau og Geit opplyser at 90 av dei 129 vêrlamma vart kåra.

– Det brukar ikkje å vera så mange vraka lam i Sveio, men gjentakande vrakingsårsak var marg i ulla.

Høner og hund

I eit bur gjekk i alt sju brune høner og pikka i graset. Derfor kunne ein ikkje sei at «ei fjør blei til fem høns», for her hadde altså ei fjør blitt til sju høner.

Svært mange tilskodarar var på plass då Lillian Rommetveit og hennar gjetarhund var i aksjon for å syna ei gjetarhundprøve på grasbakken aust for Sveio kyrkje.

På denne bondemarknaden kunne ein ikkje seia at «ei fjør blei til fem høns», for i dette buret hadde altså ei fjør blitt til sju høns!

Traktorkonkurranse

Dei mange traktorane trekte særleg til seg smågutar- og jenter som helst ville klatra opp i kvar einaste køyredoning.

– Dette er kjempegøy, ropa Johannes Engeset Johnsen (6) frå Hinna utanfor Stavanger og Olivia Økland (5) frå Auklandshamn då dei fekk sitja i den grøne veterantraktoren.

I traktorkonkurransen beste veterantraktor vart Sigmund Eikemo sin grøne Deutz. Den mest «pimpa» traktoren – det vil seia at den var dekorert på eit forseggjort vis – vart Steinar Vikse sin ettertrakta Massey Ferguson «Gråtass». Andres Blytt og hans Massey Ferguson 6445 vann konkurransen om kven som hadde køyrd lengst veg for å ta del i marknaden.

Andres Blytt frå Valevåg og hans Massey Ferguson 6445 traktor vann konkurransen der temaet var kva traktor har køyrd lengst for å koma til Bondemarknaden.
Powered by Labrador CMS