nyhende

I sommar kom regjeringa med «Bu trygt heime»-reforma, der målet er å gjere det enklare for eldre å bu i eigen bustad så lenge dei kan og vil.
I sommar kom regjeringa med «Bu trygt heime»-reforma, der målet er å gjere det enklare for eldre å bu i eigen bustad så lenge dei kan og vil.

Mange eldre bur i bustader som er lite eigna for alderdom

Rundt halvparten av heimebuande rundt 75 år med minst éi funksjonsnedsetjing seier dei ikkje har ein spesielt tilrettelagd bustad. Likevel vil dei bli buande.

Publisert Sist oppdatert

Forskarar ved Oslomet har gjennomført ei undersøking om bustadsituasjonen og bustadønska blant heimebuande innbyggjarar som er 75 år og eldre. Dei er mellom anna spurde om korleis dei ønskjer å bu, korleis dei planlegg for framtida, og kva initiativ dei har teke for å leggje til rette for ein god busituasjon for framtida.

– Dei aller fleste i utvalet vårt har eit ønske om å bu heime, også viss det skulle oppstå eit hjelpebehov, seier forskingsleiar Hans Christian Sandlie i Velferdsforskningsinstituttet NOVA.

Undersøkinga viser at busituasjonen for dei eldre er prega av at mange bur i ein bustad som ikkje blir opplevd som tilgjengeleg. Omkring halvparten som seier at dei eller den dei bur med har minst éi funksjonsnedsetjing, seier at dei ikkje bur i ein spesielt tilrettelagd bustad.

Ser det som unødvendig

Forskarane seier dei er overraska over at så mange ikkje har fått tilrettelagt bustaden, som å få alle hovudfunksjonar på eitt plan, fjerne tersklar, setje opp handlister og støttehandtak eller få på plass tekniske hjelpemiddel. Berre 10 prosent seier det er fordi dei ikkje har råd. Rundt 30 prosent svarer at det ikkje lèt seg gjere eller er lite formålstenleg i dagens bustad.

– Det som overraska oss mest, var nok at forholdsvis mange av dei med funksjonsnedsetjingar i hushaldet ikkje opplever det som nødvendig eller ikkje har valt å prioritere å tilpasse bustadsituasjonen til dette, seier Sandlie, som meiner mange eldre ikkje er førebudde på ein alderdom i eigen bustad.

By og bygd

Undersøkingane viser at det er geografiske forskjellar. Eldre i byane flyttar meir, og dei bur også i større grad i tilgjengelege bustader samanlikna med eldre i meir grisgrendte strøk.

Sandlie påpeikar at for eldre som bur i lite eigna bustader, er det berre to val som gjeld: Å utbetre bustaden slik at det er mogleg å bu der sjølv om alderen aukar og helsa skrantar, eller flytte til ein meir eigna bustad. Begge delar må gjerast medan ein enno kan.

I denne studien finn forskarane at ein god del eldre flyttar etter fylte 70 år, medan svært få flyttar etter fylte 80 år. Fordi flytting kan bli tyngre med alderen, både økonomisk, mentalt og ikkje minst fysisk, rår forskarane folk til å planleggje alderdommen betre og flytte medan dei kan.

Rapporten «Eldres boligønsker og bosituasjon» blir presentert torsdag på webinaret « Korleis skal eldre over 75 bu i framtida?».

I sommar kom regjeringa med «Bu trygt heime»-reforma, der målet er å gjere det enklare for eldre å bu i eigen bustad så lenge dei kan og vil.

Powered by Labrador CMS