nyhende
Mange deltok på Skaparverkets dag
Det blei ein innhaldsrik og flott dag då Skaparverkets dag blei arrangert i Førde på søndag, fortel sokneprest Arild Steinsland.
Søndag var det aktivitetsdag i Førde med Skaparverket som tema. Dagen starta med familiegudsteneste i Førde kyrkje, der Astrid Karin og Hans Ole Strand med familie blei bedne for, då dei snart skal reisa ut som misjonærar. Ein kvartett spela under gudstenesta og ifrå tårnet som postludium.
Etterpå var det turstimarsj der mange folk deltok. Førde kvinne og familielag hadde med bollar.
– Stemninga var god i det fine veret, gjengir Steinsland.