nyhende
Mange brystkreftramma kjem ikkje tilbake i jobb – sjølv om kreften er borte
Ein tredel av brystkreftramma som var i jobb då dei fekk diagnosen, står utanfor arbeidslivet åtte år seinare. Dei kan slite med utmatting, plager med minne og konsentrasjon.
– Mange får plager som fatigue og kognitive vanskar, og det gjer det krevjande å stå i jobb. Sjølv om behandlinga er over og kreften borte, er ikkje livet nødvendigvis som før, seier styreleiar Astrid Langeby Kolbekk i Brystkreftforeningen i ei pressemelding.
Styreleiaren meiner at med rett tilrettelegging, kan mange kombinere behandling og arbeid. Dette handlar ikkje om å presse folk tilbake i jobb for tidleg, men om å sikre at dei som ønsker det, får moglegheita.
Den 1. oktober startar Rosa sløyfe-aksjonen.
Lang veg tilbake
I eit prosjekt der ein har undersøkt arbeidsliv etter brystkreftdiagnosen, ser ein at ein tredel av dei som var i jobb då dei fekk kreft, står utanfor arbeidslivet åtte år seinare.
– To tredelar klarer å stå i arbeid. Det er positivt, og det gir håp. Men vi må rette innsatsen mot den tredelen som slit, seier generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeningen.
Dei fleste kjem tilbake i arbeid dei to første åra. Men for dei som har stått utanfor arbeidslivet i ein lengre periode, kan vegen tilbake verke uoverkommeleg.
– Sterk vilje
Generalsekretæren i Kreftforeningen seier det trengst meir forsking på seinskadar, og korleis pasientar kan få høgare livskvalitet etter behandling.
– Det er ein sterk vilje til å komme tilbake til jobb, men mange får ikkje oppfølginga dei treng, seier Ingrid Stenstadvold Ross.
Kreftforeningen og Brystkreftforeningen ønsker eit meir inkluderande arbeidsliv for dei som overlever brystkreft. Brystkreft er den vanlegaste kreftforma hos kvinner. Rosa sløyfe er ei internasjonal folkerørsle som blir markert kvart år i oktober.
I 2024 fekk 4215 kvinner og 36 menn brystkreft.