nyhende
Mandige vikingar gav gode julegåver
Norske menn som vegrar seg for å handle julegåver i dag, burde sjå tilbake til vikingane. Der kunne gode gåver symbolisere manndom og vere forskjellen på liv og død.
«Med våpen og klede
skal vener gåvast,
det vert på dei sjølve synt.
Likt gjevande
lengst er vener,
om elles alt seg lagar.»
Slik står det i «Håvamål», eit gudedikt frå vikingtida om god og dårleg oppførsel. På den tida var det å gi gåver rekna for å vere ein mannleg eigenskap. Det handla om å vise omsyn, respekt og sosial kløkt, ikkje berre om å glede den som fekk gåva. Fleire av dikta i «Håvamål» handlar difor om kven og korleis ein skulle gi gåver.
Likevel er det i dag store forskjellar på kva kvinner og menn bidreg med under julefeiringa. I alle fall ifølgje ei gransking frå Opinion om julevanane våre. Det er berre to klassiske juleoppgåver menn gjer i større grad enn kvinner, ifølgje granskinga:
Dei heng opp julelysa ute og kjøper juletre. Elles er det kvinnene som ordnar det meste andre. Og nesten dobbelt så mange kvinner som menn seier at dei tek seg av julegåvene.
– Bør finne fram ur-vikingen
– Menn som ikkje deltek i julegåvehandelen bør finne fram ur-vikingen i seg, seier Jon Vidar Sigurdsson, historieprofessor ved Universitetet i Oslo. Han har vikingtida, norrøn religion og kulturhistorie som hovudområde.
– I «Håvamål» står det at ein må gi gåver for å få kjærleik frå kvinner. Dei som ikkje gjer det kan ikkje kalle seg viking! meiner Sigurdsson.
«Fint du tale
og fager gjeve,
vil gjerne ei gjente du vinne,
og fegre lova
hjå lyse møy;
han får som kan fri.»
Alliansebygging
– I Håvamål er det lagt vekt på at venner skal utveksle gåver. Gåvene blei brukt i maktspelet i vikingtida. Dei var til for å skape allianse og støtte. Ein gav gåver, og fekk allianse i motgåve, seier Sigurdsson til Nynorsk pressekontor.
At menn i vår tid ikkje er like opptekne av gåvegiving, er kanskje òg knytt til at det ikkje står like mykje på spel som i eldre tid. Tenk sjølv om du på julaftan hadde fått ei gåve du ikkje likte, og kor vanskeleg det hadde vore å takke nei til gåva. Den kjensla stod sterkare i vikingtida.
– Kor mange av dine venner er villige til å døy for deg? Dette var ein del av vennskapspakta før. Om det blei krig eller ufred mellom vennene dine og deira fiendar, var det rekna med at du måtte stille opp i slaget. Så det var viktig å fornye denne alliansen jamleg med gjestebod og feiringar. Gåvene kom då i tillegg til gild mat og drikke.
Gåver, gjestebod og etablering av vennskap var grunnlaget for all politikk, seier Sigurdsson.
Aggressive julekvinner?
– I vikingtida var menn nøydde til å gi gåver for å halde det sosiale nettverket sitt saman. Fall dei utanfor gåvekulturen, fall dei utanfor samfunnet, fortel forfattar Solveig Aareskjold til Nynorsk pressekontor.
Ho har skrive bøker som «Astridene. Kvinnene kring Olav Tryggvason», « Lesebok for jenter. Frå Homer til The hunger games» og «Valkyrjesong». Ho er òg cand.philol. med norsk hovudfag og historie mellomfag.
– Det er synd for dei kvinnene som må ta alt ansvaret for jula. Eg har høyrd om kvinner som ville fordele ansvaret med matlaging og gåvekjøping. Då gjekk mannen heim til mor si. Då tenkjer eg dei like gjerne kan bli der. Samtidig kan kvinnene passe seg i juletida, så dei ikkje tek over alt og dominerer så enormt at mennene blir trengde opp i eit hjørne. Kvinner er ofte ganske aggressive i juleførebuinga, sjølv om dei nektar å innrømma det.
Gåver som maktmiddel
Aareskjold meiner diktsamlinga frå vikingtida har halde seg godt til vår eiga tid.
– Som det står i «Håvamål»: «Likt gjevande lengst er vener.» Dette er like sant i dag som før. Eg kjenner til folk som gir for mykje. Det er aggressivt. Det er eit forsøk på å skape klientar og vasallar, noko andre lett vil reagere på og trekkje seg unna. «Eg lèt som eg er glad i deg, men prøver å få makt over deg.»
Det finst mange intensjonar bak gåver. Nokre er kjærlege, andre vennlege, men uttrykkjer det same: Eit ønskje om å vise at ein set pris på relasjonen og at ein ønskjer å halde på den. Men gåver kan òg bli brukt som maktmiddel.
– Eg ser det ofte mellom mødrer og døtrer. Vaksne kvinner opplever at mødrene gir dei klede som dei ikkje vil bli funne døde i – dyre jakker og kjolar som er heilt på tvers av smaken deira. Bodskapen er at mødrene vil forma døtrene sine, mens døtrene strevar for å vere seg sjølve.
– Gåvegiving skal vere vanskeleg
Gåver kunne òg skapa konflikt i vikingtida, sjølv om dei var godt meint. Til dømes i «Soga om laksdølane»:
Ingebjørg, ei av søstrene til Olav Tryggvason, og Kjartan Olavsson frå Island var forelska i kvarandre, men ingen av dei trudde at det kunne ende med ekteskap. Då dei skildest, gav ho han eit flott skaut med mykje gullstas på og sa at han skulle gje det til brura si. Men heime på Island var det meir enn ei som likte Kjartan, og ho som verken fekk han eller skautet, tok ein grufull hemn.
– Å gi gåver er komplekst og vanskeleg, og det kan gjere at fleire vegrar seg for å byrje julegåvehandlinga. Julegåver handlar om å vise omtanke, omsorg og respekt – alle gåver gjer det. Det er vanskeleg, og burde vere det. Det viser at vi har halde menneskelege urinstinktet ved like, meiner Solveig Aareskjold.