nyhende

Måndag startar salet av fyrverkeri i Sveio

Fleire sveiofirma kjem også i år til å tilby fyrverkeri til kundane sine. Eitt av desse er Haukås Dekk og Fritid.

Publisert Sist oppdatert
– Dei fleste kjøper eitt eller eit par batteri og brukar frå 500 til 1.000 kroner eller vel så det. Så har me nokre entusiastar som kjøper betydeleg meir. Og dei aller mest ihuga køyrer til Egersund der det er eit utsal med svært stort utval, seier Thor Kinn på Haukås.
Han brukar å ta inn eit par pallar med fyrverkeri og får vanlegvis selt alt. Slik reknar han med at det går i år også.
– Bruk av fyrverkeri er veravhengig. I år ser det ikkje ut til å bli så mykje vind. Det er gunstig for oppskytinga, seier Kinn.
– Dei fleste kjøper eitt eller eit par batteri og brukar frå 500 til 1.000 kroner eller vel så det. Så har me nokre entusiastar som kjøper betydeleg meir. Og dei aller mest ihuga køyrer til Egersund der det er eit utsal med svært stort utval, seier Thor Kinn på Haukås.
Han brukar å ta inn eit par pallar med fyrverkeri og får vanlegvis selt alt. Slik reknar han med at det går i år også.
– Bruk av fyrverkeri er veravhengig. I år ser det ikkje ut til å bli så mykje vind. Det er gunstig for oppskytinga, seier Kinn.

Berre to dagar

På Vestlandet er det berre lov å selja fyrverkeri 30. og 31. desember, altså måndag og tysdag denne gongen. Fram til då står varene innelåste i ein forsegla konteiner både på Haukås og hos dei andre forhandlarane. I Sveio gjeld det i alle fall Kiwi og Sveio Blomster i tillegg til Haukås Dekk og Fritid.
På landsbasis kjøpte nordmenn fyrverkeri for 515 millionar kroner i 2023 trass i høg rente og ustabile straumprisar, opplyser bransjeorganisasjonen Norsk Fyrverkeriforening i ei pressemelding. Her blir det også opplyst at sju av ti norske barnefamiliar kjøper fyrverkeri. Ni av ti er ute på nyttårskvelden og ser på fyrverkeriet.

Åtvarar mot skader

Som oftast går oppskytinga av fyrverkeri heilt greit, men kvart år blir det også meldt om augeskader. I fjor blei det registrert ti augeskader som følge av uhell med fyrverkeri. Fem av desse var alvorlege. No kjem det ei klar oppmoding om å bruke vernebriller.

– Det er nedslåande å sjå kor mange som lèt vere å bruke vernebriller, sjølv når vi veit at dette kan førebyggje dei fleste augeskadar. Fyrverkeri er eksplosiv og må behandlast med respekt, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Brannvernforeningen.

Saman med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) arrangerer foreininga den nasjonale kampanjen #jegvilse i tida før nyttår.

Bodskapen er tydeleg: bruk vernebriller!

– Alle utsalsstadene har normalt slike briller saman med fyrverkeriet. At nokon vel å la vera å bruka vernebriller og såleis gamble med synet sitt er vanskeleg å forstå, seier Søtorp.

Aldersgrense

Dei siste fem åra har det blitt rapportert om 188 personskadar i samband med nyttårsfeiringa. I snitt 38 kvart år, opplyser DSB.

– Personskadane har ulik alvorsgrad og er på fingrar, ansikt, høyrsel, auge eller andre kroppsdelar. Det er flest menn som skader seg, opplyser direktoratet.

Det er berre lov til å fyra av fyrverkeri på nyttårsaftan, mellom klokka 18.00 og 02.00. Kommunen kan også bestemme lokale avgrensingar.

– Bøy deg aldri over fyrverkeri når du tenner på, og hald god avstand frå oppskytinga. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman. Med alkohol i blodet reagerer du saktare og får dårlegare vurderingsevne, seier fungerande avdelingsdirektør Brit Skadberg i DSB.

Ho minner om at det er 18 års aldersgrense for kjøp og bruk av dei fleste fyrverkeritypane. Små stjerneskot og krutlappar har aldersgrense på 12 år.

– Det er dei vaksnes ansvar å sørgje for at barn og unge held trygg avstand under oppskyting av fyrverkeri. Det er ikkje berre uforsvarleg, men også forbode å overlate fyrverkeri til mindreårige, seier Skadberg.

Fyrverkerireglane

Direktoratet og Brannvernforeningen trekkjer fram dei ti fyrverkerireglane:

1. Planlegg fyrverkerioppskytinga i god tid.

2. Les bruksrettleiinga nøye før bruk.

3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skadd.

4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte.

5. Bruk tennstav. Unngå lighter, fyrstikker eller annan open flamme. Tennstav får du kjøpt der du kjøper fyrverkeri.

6. Bruk vernebriller.

7. Bøy deg aldri over fyrverkeri som er tent på.

8. Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk.

9. Hald god avstand frå oppskytinga.

10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.

Vil ha brillepåbod

I fjor vart det selt fyrverkeri for over 515 millionar kroner, ifølgje bransjeorganisasjonen Norsk Fyrverkeriforening.

– Målet vårt er å rapportere null skadar i framtida, og vi ønskjer eit påbod om bruk av vernebriller ved oppskyting av fyrverkeri slik dei har i Finland. Der har dei færre augeskadar enn i Noreg sjølv om dei framleis har pinnerakettar, seier talsperson Rikard Spets i Fyrverkeriforeningen.

Han minner om at dei mest populære fyrverkeriprodukta går raskt unna.

– Skal du sikre deg dei beste varene, tilrår vi å vere tidleg ute, seier han.

Powered by Labrador CMS