Straumprisane kan gjere eit hopp på måndag etter at tre svenske reaktorar reduserer kapasiteten i helgen.FOTO: NPK
Måndag kan det bli stort prishopp på straum
Redusert kapasitet hos to svenske kjernekraftverk i helga kan – kombinert med lite vind og mykje kulde – føre til eit kraftig hopp i straumprisane måndag.
NPK-NTB: To svenske kjernekraftverk reduserer kapasiteten på tre reaktorar i helga på grunn av vedlikehald og feilretting, skriv E24.
Det kan føre til ekstraordinære høge straumprisar i både Noreg og Sverige. Kor høg prisen blir og kor lenge det varer er avhengig av vêret.
– Det er meldt kaldt vêr. Kombinasjonen av kulde og lite kjernekraft er ikkje den beste kombinasjonen, seier kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue Insight til E24.
– Dette blir anstrengt når det byrjar å bikke under minus ti. I ein sånn situasjon utan nok kapasitet kan prisane gå ukontrollert høgt i enkelttimar, seier han.
Straumprisane i helga blir ikkje ramma ettersom forbruket er mindre då.