nyhende
Måling: Berre halvparten av norske menn meiner vi treng ein kvinnedag
Ein av ti menn veit ikkje når kvinnedagen er, og berre litt over halvparten av norske menn meiner vi treng ein kvinnedag, viser ei måling frå Respons Analyse.
Ei ny undersøking, gjennomført av Respons Analyse, viser at oppslutninga rundt kvinnedagen er høg. 68 prosent av respondentane meiner vi treng ein kvinnedag. Men det er store kjønnsforskjellar.
57 prosent av menn synest vi framleis treng kvinnedagen, 28 prosent synest vi ikkje gjer det, medan 15 prosent veit ikkje. Blant kvinner meiner 79 prosent at vi treng kvinnedagen, medan 9 prosent synest vi ikkje treng han. 1.201 personar vart spurde.
Likestillingsministeren meiner det er viktig òg å løfte menns problem, slik at menn kan innkluderast i likestillingskampen. Ho er oppteken av at det ikkje skal vere kampen for kvinner mot menn.
– Av den grunn jobbar vi òg med å setje ned eit mannsutval for å sjå på menns utfordringar. Vi får løfta kampen dersom vi anerkjenner at også menn har likestillingsutfordringar, seier Trettebergstuen.
Mindre fornøgd
Også Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har komme med ei undersøking i samband med kvinnedagen, der dei måler kor fornøgde folk er med likestillingsarbeidet til styresmaktene.
På spørsmål om kor godt styresmaktene varetek likestilling mellom kvinner og menn på ein skala frå 0-100, gir menn i gjennomsnitt 71 poeng, medan kvinner gir 61.
Det gir eit snitt på 66 for 2021, som er 8 poeng lågare enn for rekordåret 2013. Det overraskar ikkje Trettebergstuen.
– Vi har hatt åtte år med Høgre-regjering som har tona ned likestillingsfanen, og ikkje gjort stort. Vi har åtte tapte år i likestillinga, som vi har planar for å ta igjen, seier ho.
Viktige likestillingssaker
Høgre-leiar Erna Solberg, som var statsminister mellom 2013 og 2021, trur ikkje statistikken er nokon dom over likestillingsarbeidet hennar regjering gjorde.
– Eg trur at ein del av likestillingstiltaka vi har gjort har vore veldig viktige, seier Solberg til NTB.
– Det mest dramatiske vi gjorde var tredeling av fødselspermisjonen som mange kvinner var usamde i, sidan dei meinte dei fekk mindre tid med barna sine. Det er ei likestillingssak, som mange kvinner vil seie er ei dårleg kvinnesak, seier Solberg.
Ho legg til at regjeringa hennar var svært oppteken av tiltak som kan ha verka smalare i norsk forstand.
– Eg meiner at kampen for at innvandrarkvinner får jobb og norskopplæring er viktig, og at sosial kontroll er eit viktig likestillingsproblem, men det er kanskje ikkje saker alle er like opptekne av, seier Solberg.
(©NPK)