nyhende

Målekurs og utekos

Ryvarden Kulturfyr heldt opent onsdag og torsdag i vinterferien. Då var det målarkurs for barn inne og leik i sola ute. — Det lokkar med uteplass, kafé og maling, seier Wenche Runde, bestemor til to målarar.

Publisert Sist oppdatert

— Me har måling med penslar, tannkostar og svampar, seier Anne Lise Borum.

Saman med Randi Melbo Knutsen held ho målarkurs på Ryvarden for barn som kom dit onsdag og torsdag i vinterferien.

— Me vart spurt om å halda det av Ryvarden Kulturfyr, seier Knutsen med eit smil.

Rundt eit langbord sit det allereie mange barn som målar.

Blant dei er Felix (7) og Lilja (7). Lengre borte ved bordet sit pappa til Felix, Marco Thomas og dottera Linea (3), medan storebror Emil (9) står og ser på.

Felix får litt påfyll av ein farge frå Anne Lise Borum og fortsett målinga.

Kurs inne og sol ute

Utanfor sit det ei gruppe og kosar seg i sola. Dei har kome langvegs frå.

— Me er frå Bømlo og Stord, seier farmor Nina Soland.

I dag er første gongen både Lukas Friis (6) og Marie Ersland (8 månader) besøkjer Ryvarden. Vesle Marie sit godt planta i fanget til mamma Charlotte Ersland.

— Det er nydeleg her i dag, seier Ersland.

— Eg har vore her ein del gongar, meir då eg budde i Førresfjorden. Det vert litt lengre veg når ein kjem i frå Bømlo, seier Soland.

Lukas tenkjer på å prøva målinga, men har ikkje heilt bestemt seg.

På baksida av hovudbygget byrja det raskt å verta mykje folk. Med ryggane inntil grunnmuren sat fire nøgde kvinner frå Haugesund og Tysvær.

— Me skulle eigentleg hit grunna målinga, seier Wenche Fjeldheim.

— Men dei ville heller vere ute i sola, seier Elin Vågen.

Det synest damene var heilt ok, for då fekk dei sitja i sola.

— No leikar dei hest, seier Elin og smiler.

Godsaker frå kjøkenet

Dei fleste sette seg utandørs, men fleire tok likevel ein tur innandørs. Det skuldast kafeen, og det var mange som vart freista av god lukt i frå kjøkenet.

Der fekk dei velja mellom mykje godt. Norunn Jensen var i full gang med å levera ein rykande varm solskinsbolle til ein heldig person.

På kjøkenet står Margareth Odland og gjer klar meir bakst.

— Det er heilt nydeleg vêr, me har vore veldig heldige, seier dei to.

Utanfor igjen, var det nokre barn som er ferdige med målinga. Framføre galleriet står Felix, Linea, Emil, pappa Marco Thomas og venninna Lilja. Dei takkar ja til eit bilete kor dei får visa kunstverka fram.

— Sjå her, seier Felix.

Vart lokka hit

Det kjem fleire nye inn til målinga, mellom anna eit par besteforeldre som har teke med både barnebarn og ei venninne.

— Det er me som vart tekne med hit, ler Wenche Runde.

Saman med mannen hennar Per Ove Runde står dei og ser på kva barnebarna Ariel (11), Jenny (nettopp fylt 6) Runde Nygård og venninna Nora Muller Kaldheim (10) målar.

— Me kom hit fordi Ryvarden er ein så flott stad med så mykje fint. Det lokkar med ein fin uteplass, kafé og dette, seier Runde og viser til tilbodet med måling.

Dei kjem i frå Haugesund og las om hendinga i avisa.

— Eg er amatørkunstmålar sjølv, seier Runde

— Så kjekt, då kan du vel vise dei nokre triks?

— Ja, hehe, kvar gong dei kjem på besøk så målar me saman seier ho.

Powered by Labrador CMS