Halvvegs inn i hovudsesongen for makrellfisket er berre ein tredel av den norske kvoten i Norskehavet fiska. Langs kysten går derimot fisket bra.FOTO: NPK
NPK: Halvvegs inn i hovudsesongen for makrellfisket er berre ein tredel av den norske kvoten i Norskehavet fiska. Langs kysten går derimot fisket bra.
Det skriv Fiskeribladet , som viser til vekerapporten frå Norges Sildesalgslag.
I vekerapporten går det fram at Sildelaget ser det som gledeleg at den minste kystflåten får god utteljing i fisket, sidan dei i stor grad fiskar kystnært.
Over 90 båtar har jakta makrell i Norskehavet den siste veka. I delar av veka var det mykje vind på feltet. I tillegg stod makrellen spreidd. Desse faktorane påverka fisket negativt den siste veka, opplyser Sildelaget.
105.400 tonn av den norske makrellkvoten på 309.100 tonn til no er fiska. Det betyr at det står att å fiske 203.700 tonn eller 66 prosent av kvoten.