nyhende

Magnus Lagabøtes landslov skal feirast i 2024: – Viktigare enn Grunnlova

I 2024 skal 750-årsjubileet for Landslova feirast. Det trengst, meiner Noregs nasjonalbibliotekar.

Publisert Sist oppdatert

Ein av grunnane til at det er viktig å feire Landslovjubileet til neste år, er ifølgje Aslak Sira Myhre rett og slett for å lære folk flest om denne lova – som har konsekvensar langt inn i vår tid.

For Landslova forma fortida vår, og det er framleis spor av ho i samtida vår.

– Det er rett og slett ikkje kjent for folk at Noreg for 750 år sidan var ei ganske sentral makt eller land i Europa, som gjorde eit lovarbeid som var grensesprengande – som var grunnleggjande viktig ikkje berre for Noreg, men for heile den europeiske rettshistoria.

Kjem av vikingane

Årsakene trur Sira Myhre kan vere mange – men først kanskje at vi i historietenkinga vår går rett frå vikingtida til Svartedauden. For vikingtida har ein sentral plass i Noreg – med mange synlege spor: Sverd, smykke, skip, gravhaugar over heile landet, medan seriar som «Vikings» sørgjer for heile tida å minne oss om ho.

– Og så har tida rett etterpå rett og slett drukna litt!

Kvifor dette skjer, trur han kan ha samanheng med korleis dei viktigaste symbola på denne tida – med unntak av bygg som Nidarosdomen, Håkonshallen, Akershus festning og Domkyrkja i Stavanger – er dokument som ikkje har vore i Noreg sidan mellomalderen.

Hentar dei heim

Dokumenta Landslova var skriven ned i, var – til liks med Heimskringla-manuskripta og dei gamle norske biblane – i Danmark.

– No tek vi heim nokre av desse dokumenta og stiller dei ut, lokkar Aslak Sira Myhre. Noko er allereie lånt tilbake, som Codex Hardenbergianus, som har vore her sida 2018. No kjem det ytterlegare fire sentrale dokument til, som skal stillast ut i Nasjonalbiblioteket.

– No kan vi vise dei fram!

Det skjer i samband med ei landsomfattande feiring som startar på nyåret:

– Det fortener ikkje berre Magnus Lagabøte og Landslova, men også vi i Noreg: At vi lærer noko om historia vår, som vi heldt på å gløyme.

Viktigare enn Grunnlova

Målet med utstillingsåret, som byr på ei rekke arrangement og utstillingar over heile landet, er å løfte fram ei lov som har vore viktigare for å forme Noreg enn Grunnlova.

– Den vart den fungerande landslova i 1274, og fungerte heilt til slutten av 1600-talet. Dei 400 åra styrte den oss gjennom Svartedauden, reformasjonen, vegen til einevelde, nedlegging av riksrådet, dansketida, Kalmarunionen og langt inn i moderniteten, seier Sira Myhre og legg til:

– Det er delar av lova som er oppsiktsvekkjande humanistisk!

For i 400 år hadde dei fattige lov til å stele, noko nasjonalbibliotekaren påpeikar er radikalt i dag òg. Også kvinner og barn hadde betre rettar i ei lov frå 1274, enn dei fekk i Christian Vs nye lov i 1680.

Løfte Lagabøte

Dette har med kongen som var med på å skrive ho, Magnus Lagabøte å gjere. Eit anna mål er å gjere han så kjent som fortent.

– Han er ein av dei tre viktigaste kongane våre, og den viktigaste lovgivaren. Han er også den kongen som – i motsetning til far sin og sønene sine – klarer å halde fred i riket, og regjere i fred. Sagaskrivarane var kanskje ikkje så glade i fred – dei føretrekte krig. Som då far hans kom til makta av den norske borgarkrigstida, vår «Game of Thrones». Stadig nye kongspretendentar vart drepne, det var stadig nye krigar.

Forskarane ved Nasjonalbiblioteket har trekt fram Magnus Lagabøte sin eigen person som viktig. Allereie hadde ein ein sterk tings- og rettstradisjon i Noreg frå før av, og eit allereie relativt egalitært samfunn. Og den nye lova vart skriven på norrønt, og ikkje på latin – som i så mange andre land. Den bygde på studiar av romarretten i Nord-Italia, på kristenretten så vel som på Gulatings- og Frostatingslovene.

– Det betyr at då denne lova oppstod, trur eg at ho må ha vore i tråd med ein rettferdssans som fanst blant folk flest. At ho var på eit folkespråk, gjorde at folk forstod ho. Lova kom på eit tidspunkt då ho var heilt nødvendig. Ættesamfunnet som hadde styrt det norske samfunnet sidan vikingtida var i ferd med å falle saman.

Lese ho sjølv

Folk flest kan no sjølv snart få lese ho. For i samband med Landslovjubileet i 2024 har fagfolk og forskarar ved Nasjonalbiblioteket jobba fram ei såkalla syntetisert utgåve av den fragmenterte originalen, som gir lesarar av i dag ei forståing av korleis lova må ha vore. Den finst i to ulike omsetjingar, på nynorsk og bokmål, berekna på litt ulike publikum.

– Det gjer ho tilgjengeleg for første gong. For meg å lese ho, og få tilgang til sjølve lova, har vore heilt fantastisk!

Noko bør ringe kjent for oss den dag i dag: Som allemannsretten og odelsretten, som er regulert i Landslova med røter heilt tilbake til 800-talet.

– Lova er ei bru mellom dagens praksis og heilt tilbake til menneska i vikingtida. Eg meiner odel er den mest undervurderte delen av norsk lovverk, og odelsretten heilt grunnleggjande den dag i dag. Det pregar Noreg i dag. Det er Staten og ei mengd bønder som eig landet, ingen store, private jordeigarar. Det at vi eig våre eigne tomter og bustader i dag kan tilskrivast denne tradisjonen.

Slik blir Landslovjubileet

Landslovjubileet skal feirast over heile landet, med utstillingar og arrangement frå Alta i nord til Tønsberg i sør. Ei oversikt ligg på Nasjonalbibliotekets side, https://www.nb.no/landslovjubileet2024/

* Den offisielle opninga av Landslovjubileet 2024 finn stad på Slottet 31. januar.

* 1. februar blir Landslovjubileet opna for publikum med festopning av utstillinga «Med lova i hand: Magnus Lagabøtes Landslov, 1274–2024».

* Då blir også sleppt to nye utgivingar og omsetjingar av Landslova, ei praktutgåve på nynorsk og ei folkeutgåve i pocketformat på bokmål.

* I veka som følgjer vil Slottet, Høgsterett, Stortinget, Kulturhistorisk museum og Nasjonalbiblioteket følgje på med utstillingsopningar, arrangement og ei rekke aktivitetar knytt til jubileet.

* Mellom anna blir det plakatutstilling om Tingets historie på Eidsvolls plass, Kulturhistorisk museum opnar utstillinga «Noregr» – forteljingar frå mellomalderen», der ein del handlar om Magnus Lagabøte og Landslova. Slottet byr i sommar på omvisningar som tematiserer koplingar mellom Landslova og historia til det moderne monarkiet.

* Utover våren og sommaren vil blir det brei formidling til vaksne og barn om Landslova og Magnus Lagabøte rundt i landet, og det blir også eit skuleprogram for vidaregåande skular.

Lokal feiring

* I Bergen opnar Bymuseet utstilling om Magnus Lagabøtes landslov 21. mai, medan det i september blir internasjonal forskarkonferanse.

* Vestfoldmusea i Tønsberg planlegg utstilling frå mai til september om Landslova med innlån av originalt materiale frå Arnamagnæanske Samling i København.

* I Moster blir det under markeringa av innføringa av kristenretten i 1024 også aktivitetar som knyter seg til landslova og Magnus Lagabøte.

* På Hardanger og Voss museum opnar i juni ei utstilling om Landslova med fokus på jordskifte, odel og frukthagar, med foredrag til hausten.

* Nord universitet, Universitetet i Tromsø og Museum Nord planlegg ei plakatutstilling om innføringa av Landsloven i Nord, med utgangspunkt i brev frå Vågan.

* I Gulen blir det markering i august, med både fagseminar, demokrati- og menneskerettsseminar for ungdom, festgudsteneste og konsert.

* Museum Stavangers vandreutstilling «Miserabiles Personae», om kåra til dei fattige og Landslova, blir stilt ut på Hamar i mai til september.

Powered by Labrador CMS