nyhende

Madelen, pappa Asle Georg Halleraker og resten av familien deira skal underhalde heile Noreg i beste sendetid på NRK1 laurdag kveld. FOTO: PRIVAT
Madelen, pappa Asle Georg Halleraker og resten av familien deira skal underhalde heile Noreg i beste sendetid på NRK1 laurdag kveld.

Madelen (13) jublar for at pappa Asle (53) skal på TV

Asle Georg Halleraker blir ein av deltakarane i det populære familieprogrammet «Alle mot 1» på NRK i vinter. — Eg håper eg kan bidra til litt positiv Sveio-reklame, smiler 53-åringen.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag ettermiddag kima telefonen til Asle Georg Halleraker i Sveio.

— Det var frå eit ukjend nummer, og eg var i tvil om eg skulle ta han i det heile tatt, fortel han.

Men han valde å svare. Heldigvis. For i andre enden av telesignala venta ein medarbeidar i redaksjonen til NRK-programmet «Alle mot 1» i NRK.

Og som kunne fortelle at i konkurranse med det som opphaveleg var 2400 håpefulle frå heile landet, var han plukka ut til å vere deltakar i tv-showet.

800.000 sjåarar

«Alle mot 1» baserer seg på at deltakaren konkurrerer med tv-sjåarane om å gjette resultatet av særs kreative oppgåver som enten er spelt inn på førehand, eller skjer direkte i studio. Sjåarane deltek via ein applikasjon på telefonen sin.

Med Selda Ekiz og Ole Rolfsrud som programleiarar, har programmet samla om lag 800.000 sjåarar til kvar sending.

Selda Ekiz og Ole Rolfsrud er programleiarar i «Alle mot 1». Her frå sesongavslutninga i 2019.

Det er femte sesongen av det populære familieprogrammet som skal sendast i vinter, på direkten i beste sendetid om laurdagskveldane.

Dottera sin idé

Det var Asle si dotter, Madelen (13), som ivra mest for at faren skulle melde seg på då NRK oppmoda nye deltakara om å melde si interesse.

— Han er jo lærar, og kan ganske mykje, fortel ho til Vestavind.

— Så han plar å ha rett under Alle mot 1?

— Nokre gonger, ler ho.

Faren let seg overtale, og medan Madelen si søster Kairo og mamma Monika gjorde heilt andre ting, spelte dei i alle hemmelegheit inn ein presentasjonsvideo som dei sende til NRK.

Videoen vart så bra at Asle på seinhausten i fjor var ein av 40 som vart invitert til casting for programmet. Det gikk føre seg via internett. Og no er det altså klart at Halleraker, som også er ein profilert lokalpolitikar for Arbeidarpartiet i Sveio, no skal inn i TV-stua til hundre-tusenar i vinter, som ein av til saman åtte deltakarar komande sesong.

— Eg blei først veldig sjokkert. Og så vart eg veldig glad, fortel Madelen om korleis ho reagerte då faren fortalde at han faktisk skal vere med i programmet.

Sveio-reklame

Pappa Asle seier at han landa på å ta utfordringa fordi «Alle mot 1» er eit familievennleg konsept, og han legg til han har eit aldri så lite ibuande konkurranse-instinkt.

— Også håpar eg jo at det kan bidra til positiv Sveio-reklame, seier han.

Han viser mellom anna til at eit av hjelpemidla deltakarane i programmet kan bruke, er å lene seg på kva innbyggarane i heimkommunen har svara.

Eit anna hjelpemiddel er at dei kan å ha med seg nokon i studio dei kan spørje om råd.

— Madelen skal garantert vere med. Så får vi sjå kven dei andre blir. Det er ikkje alle i familien som er like glad i å vise seg fram, ler han.

Første sending av «Alle mot » er 26. februar, og det skal gå åtte laurdagar.

Det er ikkje klart kva dato Halleraker skal vere med.

Powered by Labrador CMS