nyhende

Desse rumpetrolla har kome over i neste fase, som små froskar.
Desse rumpetrolla har kome over i neste fase, som små froskar.

Må søkja løyve for å fanga rumpetroll

Sopp truar amfibia, og for å unngå spreiing, må du no ha spesielt løyve for å fanga rumpetroll. Det er fleire årsaker til at amfibia er sårbare.

Publisert Sist oppdatert

– Det kan vera spennande å følgja utviklinga frå rumpetroll til frosk, men dessverre står det ikkje så bra til med amfibia våre. Dei blir trua av amfibiesopp, men også av forureining, klimaendringar og gjengroing og nedbygging av dammar, seier Knut Morten Vangen, seksjonsleiar i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Amfibiesoppen har nyleg vorte påvist i Noreg og kan utgjera ein trussel mot frosk og andre amfibium. Soppen er smittsam og kan medføra sjukdom og død hos amfibia han kjem i kontakt med. Heldigvis har vi endå ikkje registrert sjuke amfibium som følgje av amfibiesoppen.

– Det er viktig å førebygga at soppen blir spreidd. Soppen finst i vatn, og vatn som blir frakta med rumpetroll kan komma på avvege og ut i andre vatn enn der det vart henta inn, seier Vangen.

Endringar i forskrift

Me ønskjer å ta best mogleg vare på amfibia våre, og for å unngå spreiing av amfibiesoppen er det derfor ikkje lenger lov til å samla inn rumpetroll utan eige løyve, skriv Miljødirektoratet.

Tidlegare var det eit unntak i forskrift der egg/rumpetroll av buttsnutefrosk kunne samlast inn for å sjå på utviklinga til frosk. No må du, som for alt anna vilt, søka om all handtering.

Kva om du alt har fanga rumpetroll?

Sidan me ser at avgjerda om dette har vore lite kjent, kan dei som allereie har samla inn egg eller rumpetroll behalda desse til dei skal ut i naturen igjen.

Det er veldig viktig at dyra blir sette ut i den dammen som dei kjem frå. Det same gjeld for alt vatn som er i berøring med dyra. Vatnet skal tilbake i den same dammen og ikkje i noko avløp.

Er det behovet for å samla egg /rumpetroll neste år skal søknad sendast til Miljødirektoratet.

Powered by Labrador CMS