nyhende
Må punge ut sjølv for akseptabel helse
Ved hjelp av unik stamcelle-forsking i Bergen får Geir Olsen frå Sveio ei akseptabel tannhelse. Men det kostar flesk. No fortel han si historie for å sette søkelys på det han meiner er manglar i det offentlege helsetilbodet – og samstundes håpar han på støtte gjennom ein privat innsamlingsaksjon.
Geir Olsen frå Sveio har to medfødde lidingar som har sytt for at både tannhelse og synet har blitt råka. Det byrja då han var i seksårsalderen. Då vart det oppdaga at ni av tennene hans ikkje vaks ut etter at mjølketennene var felt. Diagnosen heiter tannagensi, og er medfødd mangel på tann-anlegg.
Løysinga vart tannregulering gjennom ungdomsåra, og seinare tannbruer på implantatet i vaksen alder. Men som følgje av ei alvorleg synsliding har han også sett seg nøydd til å ta ein augeoperasjon i utlandet. I kjølvatnet har han gått på sterke medisinar som igjen forverra tannsituasjonen.
Redninga for tannhelsa hans kom då han under eit av sine etter kvart mange besøk ved Odontologisk institutt i Bergen, vart sett i kontakt med Cecilie Gjerde. Ho trengte pasientar til eit forskingsprosjekt som kort forklart går ut på å få nytt beinmateriale til å gro ved hjelp av pasienten sine eigne stamceller.
Det har så langt også lukkast veldig godt i Geir Olsen sitt tilfelle. Han fortel til Vestavind at dei tok ut stamceller frå kroppen hans, og sende så materialet med fly til eit laboratorium i Tyskland for dyrking av nye stamceller der. Etter tre veker var 100 millionar nye stamceller dyrka fram, og ved hjelp av anna biologiske materiale vart det operert inn i kjeven hans. Han merka skilnad etter få veker.
— Det er nesten så eg kan kjenne at det gror, fortel han.
Staten dekker lite
Han kjenner seg heldig over at teknologien har kome så langt at han oppnå det han karakteriserer som akseptabel helse.
Men det kostar pengar.
Inkludert den avanserte augeoperasjonen han måtte ta i London, har han fram til no brukt meir enn 700.000 kroner av eiga lomme for å oppnå det dei fleste vil karakterisere som ei akseptabel helse. Fram til no har han vore nøydd til å bruka av ei arv, og oppsparte midlar på operasjonen, men no byrjar det å bli tomt. Og han må rekne med store utgifter også framover.
— Eg synes det er litt rart at ikkje staten vil bidra med når det kjem til tannhelse, seier han.
Han vel å stå fram og fortelje si historie med håp om å få sett fokus på kva mogelegheiter som finst, og med håp om å få ei politisk dreiing som sikrar at alle kan få det han karakteriserer som ei akseptabel tannhelse, uavhengig av privatøkonomien sin.
Forskinga til Cecilie Gjerde har sikra seg finansiering frå Trond Mohn Foundation, Olav Thon og Forskingsrådet. Det gjer at Geir Olsen slepp å betale dei rundt 300.000 kronene som operasjonen hans eigentleg kostar. Men han må ut med ei eigenandel på 41.000. Utgifter til medisin og dei mange reisene til og frå Bergen må han betale sjølv. Og han har allereie betalt 20.000 for nye bruer i overkjeven.
Spleis-aksjon
Han kan søke til Helfo, men håpet om støtte derfrå er tynt. For Folketrygden gir i utgangspunktet ikkje stønad til forsking. Får han ikkje støtte, må han nok ein gong bla opp sjølv.
No har han fått hjelp av barna sine til å starte ein Spleis-aksjon.
— Eg er takksam for alle som bidreg, seier han.
Skulle det kome inn meir pengar enn det som trengs for å dekke hans utgifter, vil han donere dei til Cecilie Gjerde si forsking, seier han.
Sidan 2014 har Gjærde gjennomført 40 tilsvarande operasjonar, dei 11 første som ein del av eit forprosjekt til studiet.
— Suksessraten for dei elleve forsøkspersonane var hundre prosent, fortel ho til Dagsavisen, som først skreiv om saka.
No er Gjerde og teamet hennar i gang med eit multisenterstudie saman med forskarar i Danmark, Tyskland, Spania og Frankrike, der dei samanliknar pasientar med beintransplantasjon og stamcelletransplantasjon.
— Framleis er det eit pågåande prosjekt, men det ser lovande ut, seier ho til avisa.
— Ei falitterklæring
Sejer Aydar (Rødt) seier til Dagsavisen at ho blir oppgitt når ho høyrer Olsen si historie.
— Det er fallitterklæring for velferdsstaten at folk må spleise pengar for å dekke tannlegerekninga, fordi staten ikkje stiller opp. Når folk må droppe tannlegebesøket, ta opp forbrukslån for å betale rekninga, eller opprette spleis, viser det at vi har eit stort hull i velferdsstaten. Tennene er ein del av kroppen. Nå må det behandlast slik, skriv ho i ein e-post til Dagsavisen.
Statssekretær i Helsedepartementet, Karl Kristian Bekeng, seier til avisa at regjeringa ønskjer ein sterk offentleg helseteneste i kampen mot auka sosiale skilnadar og todeling av helsetenesta.
— Ingen skal trenge å vere avhengig av privat innsamling for å få forsvarleg behandling. Samtidig vil ønska for behandling kunne overstige mogelegheitene, det gjeld særleg utprøvande behandling og forskingsprosjekt kor effekten av behandlinga ikkje er kjent, seier han til Dagsavisen.
Han minner samstundes om at avslag på refusjon av utgifter til helsetenester i utlandet kan påklagast til Klagenemnda for utanlandsbehandling.