nyhende

Original tekst:Rektor Lene Lier ved Sveio skule håpar ho slepp å slå saman skuleklasser frå n.yttår. FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Rektor Lene Lier jobbar med å få lærarkabalen til å gå opp før skulestart.(arkivfoto)

Må kanskje slå saman skuleklassar for å spare pengar til straumrekninga

Auka straumutgifter gjer at Sveio skule må kutte andre stader for å halde budsjettet. Difor må dei truleg slå saman nokre klassar etter nyttår. — Drastisk, seier rektor Lene Lier.

Publisert Sist oppdatert

— Eg flyttar pengar frå løn til straum, seier rektor Lene Lier.

Ho forklarar korleis auka straumprisar indirekte tvingar Sveio Skule til å gjere eit stort sparetiltak frå nyttår av.

— Me får tildelt ein sum pengar som skal dekkje utgiftene me har. Størsteparten av dei er løn. Så kjem driftsutgifter som straum, som har auka slik at eg må flytta pengar i budsjettet dit. Då vert det mindre pengar igjen til løn, forklarer Lene Lier.

Fjerde og niande klasse

Det er ikkje alle årstrinna dei ser på, men to spesifikke.

— Det er fjerde og niande klasse me ser på, seier ho.

Rektoren understreker at samanslåing ikkje er bestemt, men det er høgst sannsynleg.

Frå nyttår av vil då fjerde klasse gå frå tre til to klassar med 23 elevar i kvar klasse, og niande frå fire til tre klassar med 28 elevar i kvar klasse.

Er det eit drastisk tiltak?

— Ja, midt i skuleåret synast eg det er drastisk å slå saman klassar midt i skuleåret. Det synast eg. Det tek jo tid å utvikle miljø og sette klassane, så det blir jo ein overgang, seier Lier.

Ho fortel at trinna det som no er fjerde og niande trinn vart delt i tre og fire av spesifikke omsyn før skulestart.

— Me kunne hatt fjerdeklasse i to, men delte dei i tre av pedagogiske omsyn. Niande vart delt i fire grunna størrelsen dei ville ha vore om dei berre var tre.

Ingen blir sagt opp

Pengane som vert flytta frå løn til straum utgjer om lag 700.000 kroner, noko som dekker ei 100 prosent lærarstilling.

Sjølv om det vert mindre pengar til løn, inneber ikkje samanslåinga kutt i talet på tilsette.

— Me har vakante stillingar grunna fødselspermisjon, så det vil ikkje få noko konsekvensar for dei andre tilsette, men dei som skal ut i permisjon får ikkje vikarar, seier Lier.

Ho synast ikkje det er enkelt å teke eit val i kvar dei skal redusere utgiftene for å kome budsjettet deira i møte, og at det er ei vond avgjerd.

— Det lagar jo mykje uro. Eg skulle jo helst hatt det slik det er no, seier Lier.

Høge straumrekningar

Skulen har og merka at straumprisane stig. I august var rekninga på om lag 20 000 kroner, i september vaks den til 38 000 kroner og sokk litt i oktober til 33 000 kroner.

Saman med andre tenester i Sveio kommune ser ho på korleis dei kan redusere deira straumutgifter. Tysdag er fristen for å sende innspel.

Forslaga er mellom anna å redusere lys, varme og temperatur i bassenget. Men å senke varmen på skulen er vanskeleg grunna ventilasjonsanlegget.

— På heile Sveio Skule har me slitt med regulering av temperatur i mange år. Skrur me ned ein plass vert det varmare ein annan. Skal me klare å spare pengar på straum må noko gjerast med ventilasjonsanlegget, seier Lier.

FAU: — Veldig uheldig

— Det er veldig uheldig at auka straumutgifter går utover elevane, seier leiar for FAU ved Sveio skule Kathrine Frøiland.

Ho er einig med rektor i at det kan skapa uro for elevane, og seier at rektor og skulen har vore ryddig og open i drøftinga om det mogelege tiltaket.

Samstundes understreker ho at det ikkje vil vere bra for nokon av elevane om skulen vert nødt til å slå saman klassane.

— Dei har gått på skulen i eit og eit halvt år, fått eit godt klassemiljø, blitt trygge på lærarane. Eg synast det er uheldig å splitte opp klassar midt i eit skuleår, seier Frøiland.

FAU er i mot samanslåing av klassar på eit generelt grunnlag, og meiner det har ein negativ effekt på ungdommane.

— Dei er i ein veldig sårbar alder no, seier Frøiland.

Powered by Labrador CMS