nyhende

Øyvind Gjerde er leiar i Rophus Velforening og har tidlegare sagt at ein trygg skuleveg over fylkesveg 47 er viktigast for dei. ARKIVFOTO: PRIVAT.
Øyvind Gjerde er leiar i Rophus Velforening og har tidlegare sagt at ein trygg skuleveg over fylkesveg 47 er viktigast for dei.

Må justere ned planar på Rophus: — Det er skuffande at det ikkje går gjennom.

Rophus velforening søkte om lov til å lage aktivitetsplass for familiar med sandstrand, bryggje og grasplen. — Det er skuffande at det ikkje går gjennom, seier leiar Øyvind Gjerde.

Publisert Sist oppdatert

— Det er klart det er litt skuffande, seier Øyvind Gjerde.

Han er leiar i Rophus Velforening, som hadde store planar for ein felles aktivitetsplass ved Viksefjorden.

Der ynskte dei å leggje ein grasplen, drenere ei myr, lage volleyballbane, setje opp ein gapahuk, lage til ei sandstrand og byggje ei brygge.
I januar fekk dei svaret, eit svar som overraska dei.

Uheldig med avslag

Velforeininga sendte inn ein søknad til kommunen i midten av september og fekk nyleg eit negativt svar. Avslaget skuldast at området er regulert til friluftsområde.

Det synest Gjerde er uheldig av fleire grunnar.

— Me har fått indikasjonar på at det ikkje burde vere eit problem å gjere eit mindre inngrep der. Særlig når fordelane veg såpass mykje meir opp enn ulempene, seier Gjerde.

Slik ser vika ut i dag, og under kan ein sjå kva velforeininga såg føre seg.

Området deira har mange buande og det kjem truleg til å halde fram med å vekse.

— Det kjem mange fleire familiar som vert buande der, og det er avgrensa med plassar langs sjøen tilgjengeleg for alle, seier han.

Berre gapahuken åleine vart eit problem, av ein årsak dei ikkje såg kome.

— Me prøvde å få tilskot gjennom spelemidlar, men då hadde reglane endra seg og me måtte ha ei idrettsforeining som søkte på vegner av oss, seier Gjerde.

Frustrerande prosess

Det hadde vore fint med ein ny aktivitetsplass for familiar i nærleiken meiner Gjerde.
Difor gjev ikkje velforeininga heilt opp.

— Me kjem til å justere søknaden til berre ein badebryggje, utan inngrep på sjølve grunnen. Så beheld me ein sti frå parkeringsplassen til bryggjene, seier han.

Leiaren legg ikkje skjul på at det har vore mykje arbeid til prosjektet.

— Det går enormt mykje tid til søknadsprosessane, og det er svært mange skjema. Ein må nesten vere heiltidstilsett for å halde oversikt, seier Gjerde.

No håpar dei i kvart fall at badebryggja kan innvilgast, og så får dei heller jobbe vidare med resten av prosjektet.

Må omregulerast

I avslaget frå kommunen gjerast det klart kvifor velforeininga fekk eit nei.

— Kommunen har vurdert saka og kome fram til at tiltaka er så omfattande og inngripande for naturen, dyrelivet i sjøen, miljøet og klima at det blir stilt krav om reguleringsplan.

Vidare informerer dei at søknaden omfattar saksområde kommunen ikkje har mynde å gje dispensasjon til.

— For å etablera ei sandstrand må de søka om løyve etter forureiningslova hjå Stasforvaltaren i Vestland.

Svarar på kritikken

Kommunen er einig i at justering av planane er ein god ide, og trur at det kan vere enklare å få dispensasjon til. Men Sveio kommune må framleis høyre med Statsforvaltaren i Vestland, og kan ikkje gje nokon garantiar.

Kommunen svarar gjennom to forskjellege einingar, som har ansvar for kvart sitt område av det som kritiserast.

Bente Marie Johansen er einingsleiar for samfunnsutvikling. Ho fortel at dei gav beskjed til velforeininga, og skjønner kvifor dei er frustrert.

— Rophus Vel vart varsla om endringa, så snart me vart gjort merksam på endringa i føresegner. Me forstår godt velforeininga si frustrasjon og deler denne, seier Johansen.

Regelendringa kjem frå Kulturdepartementet. Dei vart informert om problematikken på eit møte som vart heldt nyleg, der kommunane fekk kome med innspel.

100-metersbelte

Bjarne Hetlesæter er einingsleiar for plan og næring. Han legg vekt på at det er snakk om eit regulert friluftsområde, og som ligg innanfor noko som heiter 100-meters beltet frå sjøen.

Det gjer at området får eit særskilt vern.

Han viser til at det er søkt om både parkeringsplassar parkeringsplass, grusveg, sandstrand, kaianlegg/bryggjer, sandvolleyballbane, opparbeidd plen, platting/terrasse, gapahuk/levegg og diverse terrenginngrep og tilretteleggingar.

— Etter kommunen si vurdering er summen av desse tiltaka så omfattande at det må avklarast i ein samla plan, i staden for at alt skal løysast gjennom dispensasjonar for dei einskilde tiltaka, skriv han i ein e-post til Vestavind.

Powered by Labrador CMS