nyhende
Må gi seg med nærbutikk grunna sjukdom
Auklandshamn Dagligvare AS varsla torsdag morgon at deira siste dag vert nyttårsaften i år. Årsaka er sjukdom som har krevd meir og meir av energien til Åse Marie Økland.
«Kjære, kjære bygda mi. Det er med tungt hjarte eg må slutte med butikken.»
Slik startar meldinga frå nærbutikken på Auklandshamn som var delt for kort tid sidan på Facebook. Ein alvorleg sjukdom gjer at eigar Åse Marie Økland må setje helsa føre butikken.
— Eg klarar meg, men vert så tappa av å drive butikken at eg ikkje har kreftar, seier ho til Vestavind.
Håpar nokon vil overta
Sjukdommen er alvorleg, fortel ho, men ikkje livstrugande.
— Eg kjem ikkje til å døy, men det er noko som påverkar kroppen slik at eg ikkje kan fortsette.
Ho fortel at det er ein veldig trist beskjed å kome med til lokalsamfunnet som ho er så glad i.
Nyttårsaftan blir siste opningsdag, om ingen vil overta drifta.
— Det er med tungt hjarte. Eg håpar inderleg at nokon kan overta. Det ynskjer vi av heile våre hjarter, for det er så viktig med denne butikken for bygda.
10 år med gode minne
I meldinga som vart delt på Facebook er ho takksam for 10 år med gode minnar frå kvardagen på Auklandshamn. Ho skriv at det ikkje var ei lett avgjersle å ta, men på oppmod frå legen skal ho la kroppen få meir kvile.
Ho ber om forståing frå avgjersla, og håpar å sjå alle kjente i butikken i framtida, men då som kunde sjølv.