nyhende

Varslar store omveltingar i Sveio og resten av landet:

– Må flytta ressursar frå oppvekst til helse

Seniorrådgjevar Håvard Moe i KS Konsulent AS sende sjokkbølger gjennom forsamlinga då han i veka som gjekk heldt seminar i Sveio om dei store utfordringane kommunane no står overfor.

Publisert Sist oppdatert

– Eg blei skremt. Me må opplysa innbyggarane i Sveio om kva utfordringar som kjem dei neste ti åra. Me må be rådmannen og hans sakkunnige stab om råd til korleis Sveio best kan halda seg flytande, seier MDG sin kommunestyrerepresentant Kjartan Moe Hustvedt.

Og han legg til:

– Moe ville ikkje seia at me måtte sjå på skulestruktur. Han ville ikkje seia at me kanskje måtte sjå på andre løysingar for eldre- og omsorgsbustader. Men det var no ein gong det han strengt tatt hinta til.

Vekkerop

John Kristian Økland (H) kallar foredraget eit skikkeleg vekkerop.

– Samfunnet er i endring og tenestetilbodet må endra seg deretter. Skulenedlegging treng likevel ikkje vera løysinga. I debatten kom det fram at endring av krinsgrenser kan vera eit godt alternativ.

Me har snakka med fleire av gruppeleiarane som var til stades på seminaret, og kjem tilbake til reaksjonane deira lengre ned i artikkelen.

Dramatiske endringar

Etter det han kalla gylne år for kommune-Noreg i starten på 2000-talet, lista Moe opp utfordringane som treff omtrent samstundes i 2024/25: Løns- og prisvekst, fallande skatteinngang, effekt av renteauke, høgare utgifter til sosialhjelp både til nordmenn og flyktningar, eldrebølga, enorm mangel på arbeidskraft og sentralisering som fører til fallande folketal i halvparten av kommunane.

Landet vil truleg nå eit folketal på seks millionar innan 2050, men for kvar ny persom som kjem i arbeidsdyktig alder, kjem det samstundes 24 nye pensjonistar. Utviklinga er den same over heile landet. Dei demografiske endringane vil krevja store overføringar frå oppvekstsektoren til omsorg og helse. Men berre få kommunar har til no tatt denne innover seg. Moe spår difor at minst 100 nye kommunar vil hamna på Robek-lista innan ti år.

Sveio sin situasjon

Sveio er ikkje verst stilt blant kommunane i Norge, påpeikar Moe.

– Kommunen har låge inntekter, men driv svært effektivt og får mykje ut av kvar krone. Samstundes inneber dette at det er få plassar å kutta. Og sjansane til nye inntekter er få utanom eigedomsskatt. Og det har politikarane i Sveio valt å seia nei til.

Sidan Sveio til no har hatt fleire barn i forhold til det samla innbyggartalet, og ein yngre befolkning enn landsgjennomsnittet, vil endringane dei komande åra slå sterkare ut her enn i landet som heilskap, seier Moe. Medan talet på 80-åringar er venta å dobla seg på landsbasis dei neste 23 åra, kan Sveio venta seg ei tredobling. Talet på barn i skulepliktig alder er venta å gå ned med 260 dei neste ti åra. Desse demografiske endringane vil krevja ei overføring frå skule til helse og omsorg på 56 millionar.

– Og når denne overføringa er gjennomført, har framleis ikkje kommunen spart ei krone, seier Moe.

Viktig å koma i gang

Han ser det ikkje som si oppgåve å foreslå konkrete tiltak som innføring av eigedomsskatt, skulenedlegging eller skrinlegging av planlagde investeringsprosjekt, men seier at endringar vil tvinga seg fram ikkje berre av økonomiske årsaker, men også på grunn av mangel på arbeidskraft.

– Sveio er ein liten kommune, ikkje berre når det gjeld folketal, men også areal. Kommunen har eit langt meir desentralisert tenestetilbod enn staten legg opp til, og må difor bera noko av uttiftene til dette sjølv, seier han, og nemner i forbifarten at han har fått med seg diskusjonen rundt brannstasjonen i Førde og skulestrukturen.

Det mest konkrete rådet han har til politikarane og administrasjonen i Sveio er å starta på omstillinga med ein gong. Ved å overføra sju millionar kroner frå oppvekst til helse og omsorg kvart år, vil kommuen koma gjennom omstillinga på ein måte som er råd å handtera, seier han.

– Må ta det inn over oss

Dersom me evnar å ta røyndommen inn over oss, har me kome langt. Det nyttar ikkje å lata som ingenting eller tru at staten skal koma og redda oss. Me må få meir ut av kvar krone, og starta på omstillingsprosessen allereie i budsjettet for 2025, seier Asle G. Halleraker (TvF) i ein kommentar.

Mellom tiltaka han vil setja i verk er TvF sin programpost om bygging av eldrelandsbyar. Her ser han for seg eit samarbeid mellom stat, kommune og brukar og trur dette, saman med utvida bruk av velferdsteknologi, vil effektivisera heimetenesta i stor grad.

Tid for drøftingar

Håvard Moe er ein god formidlar. Situasjonen han peikar på er alvorleg, men ikkje ukjent. No må me la dette synka inn og snakka saman i partiet og med våre samarbeidsparter i kommunestyret før me går ut med konkrete forslag til tiltak, seier Rune Teikari (Frp).

Han minner samstundes om at Sveio ei svært moderat drift og samstundes ein krevjande økonomi.

Åtvarar mot hastverk

Me må ta innover oss det han seier, men samstundes tenkja oss om og ikkje setja i verk forhasta sparetiltak. Det er viktig å finna balansen mellom sparing og trivesel, seier Sondre Natås Strand (KrF).
Han peikar på at eit par busslaster med nye flyktningar kan snu utviklinga totalt i forhold til barnehagar og skular. Og kommunen må ikkje slutta å investera, seier han. Samstundes understrekar Strand at Sveio har vore svært flink. Han meiner det også staten må koma meir på banen i forhold til kommunane.

Powered by Labrador CMS