NPK: Vestland fylkeskommune lyser ut tre millionar kroner til tiltak som aukar verdiskaping knytt til frukt, bær og grønt i fylket.
Midlane frå Vestland fylkeskommune skal gå til tiltak for å skaffe ny kunnskap eller til målretta utviklingsprosjekt, skriv Vestland fylkeskommune.
– For å bidra til at Vestland tek sin del av den venta veksten, har vi sett av i alt 3,25 millionar kroner til vestlandsprosjekt innan frukt og grønt, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.
Fylket er den største regionen i landet innan produksjon av frukt og bær. Om lag 12 prosent av landbruket si verdiskapinga i fylket er knytt til næringa.
Det er venta ein stor auke i etterspurnaden etter frukt og grønt nasjonalt i åra framover og det er venta auka omsetning, også gjennom foredling og direktesal.
Midlane skal gå til tiltak for å skaffe ny kunnskap eller til målretta utviklingsprosjekt. Tiltaka skal vere forankra i næringa i heile fylket og hjå relevante aktørar i verdikjeda.
Søknadsordninga er lyst ut med søknadsfrist 15. november.