nyhende
Lys opp hagen utan å skade miljøet
Lysforureining har lenge fått varsellampene til å blinke for både insekt og utsikt. Dette er tinga du bør du tenkje på når du skal lyssette inngangspartiet og uteplassen din.
– I motsetnad til mykje anna forureining, er mange av dei negative effektane av lysforureining borte i det me sluttar å forureine. Det kan kanskje gje ein ekstra motivasjon til å skru av utelyset eller endre måten me brukar lyset i hagen på, seier Gry Frellumstad.
Insekt forsvinn
Frellumstad er fagspesialist hjå Lyskultur, som er ein medlemsorganisasjon og eit kompetansenettverk for dei som jobbar med lys og belysning. Saman gir dei også råd om korleis me kan redusere lysforureininga som omgir oss, anten ho er forårsaka av såkalla opplys, strølys, blending eller lys som ikkje er naudsynt i det heile.
Konsekvensane av lysforureininga er ikkje berre at mange av dagens ungar veks opp med eit lysslør over himmelen som gjer det umogleg å sjå Mjølkevegen om kvelden. Forsking viser også at kunstig belysning om natta påverkar både døgnrytmen til flygande insekt, evna deira til å navigere, reprodusere seg og samspele med andre artar. Lysforureining blir difor peika på som ei av forklaringane på den dramatiske nedgangen i insekt verda over.
– Fleire større dyr nyttar også nattlys til å orientere seg, og det er til og med vist at vekstsyklusane til planter og tre blir negativt påverka av kunstig nattelys. Det er med andre ord mange grunnar til at kvar og ein av oss bør redusere lysforureininga ute så mykje me kan. Me har også godt av å vera litt meir edruelege med energibruken vår, seier Frellumstad.
Styr lyset
Eitt av mange tiltak mot lysforureining er bruk av såkalla lysstyringsutstyr. Her spenner produkta frå sensorar som skrur på lyset ved rørsler eller når dagslyset tek til å forsvinne, og komponentar med timer som skrur seg av og på til visse klokkeslett. Det finst også lyspærer med integrert lysfølar som gjer at dei slår seg på når det blir mørkt.
Pærer eller sensorar som først slår på lyset når det er mørkt, kan vere praktisk til funksjonslyset utanfor ei inngangsdør eller på ein gangsti frå garasjen til døra. Lys styrt av rørslesensor kan på si side fungere godt ved ei kjellardør eller ved garasjen, forklarar Frellumstad.
Plassering og funksjon
Kvar du plasserer lyskjeldene, og kva slags funksjon dei skal ha, er også lurt å tenkje gjennom:
– Mange har til dømes lys over garasjeporten, som lyser nedover og framom porten. Samstundes har ein jo lys både framom og bak på bilen som vil lyse opp porten. For somme hadde det kanskje vore meir nyttig å ha lys nedover på stolpane på kvar side av porten, for å tydeleg markere breidda på porten når du skal køyre ut og inn av garasjen.
Armatur og lampe
Kva slags armatur og lampe du nyttar, er også vesentleg:
– Lyset ved inngangsdøra skal lyse opp inngangspartiet og ringjeklokka, men det bør også treffe personen som ringjer på, slik at du ser vedkommande når du opnar døra. Samstundes ønskjer du ikkje at personen skal bli blenda av lyset – og det blir ein ofte, av dei klassiske halvkuplane som det har vore vanleg å montere over ytterdøra. I tillegg sender halvkuplane mykje lys opp i atmosfæren.
Ved inngangsdøra er det difor betre med eit armatur eller ei vegglampe som gjer at du kan dirigere lyset mest mogleg presist mot området du ønsker å lyse opp, og som ikkje sender unødig lys utover og oppover.
Varmt vs. kaldt
På same måte bør du alltid bruke pærer med så lågt lysnivå som mogleg, seier Frellumstad, som minner om at det ofte skal veldig lite lys til for å lyse opp noko om omgjevnadene er veldig mørke.
Ho tilrår også å bruke lyskjelder med varm fargetemperatur på plassar der du skal nyte omgjevnadene, slik som ute i hagen. Varme lysfargar blir også mindre spreidd i atmosfæren enn kaldt og blått lys. Varmt lys skal og påverke dyr og insekt i mindre grad enn det kalde:
– Fargeattgjevinga i ei pære blir målt i RA, der 100 er maks og full farge. På ein plass der du skal kose deg og nyte det som er rundt deg, bør pæra ha RA over 80. Jo høgare tal, jo betre. Viss RA-talet er under 80, høver pæra betre til funksjonslys, fortel Frellumstad.
Ned, ikkje opp
Om du har valt deg ut nokre element i hagen som du vil lyssette forsiktig på kvelden, bør du også der prøve å sende lyset ned på objektet, og ikkje oppover. Du bør likevel unngå stressande flaumlys på tre og busker. På plassen i hagen der du oppheldt deg på kveldstid, tilrår Frellumstad å ha ei lampe eller ein downlight som er godt trekt opp i taket eller ved eit utspring, slik at ein ikkje ser rett på lyset og blir blenda.
– Ingen lyskjelder bør blende. Når lys treffer oss midt i auget slik at me blir blenda, trekkjer pupillen seg saman og slepp inn mindre lys. Det gjer at du ser endå mindre av omgjevnadene – og då er det lett å tru at ein bør tilføre endå meir lys. Det er det sjeldan behov for, seier Frellumstad og oppsummerer:
– Om du brukar lys rett, kan du til dømes ha masse lys på uteplassen når du sjølv er der, men ikkje etter at du har gått inn. Då kan du i staden slå av somme lys og dempe andre, slik at det er hyggeleg å sjå ut på uteplassen medan du er inne. Du skal sjølvsagt ha det lyset du treng, der du treng det og i den mengda du treng det – men berre når du faktisk treng det.