nyhende

Luftig opning av nytt solcelleanlegg

Torsdag blei det nye solcelleanlegget på taket av Sveio omsorgssenter offisielt opna med talar, snorklipping og takk til dei ulike leverandørane som har vore involverte.

Publisert Sist oppdatert

Snora var denne gongen ikkje eit silkeband, men ein elektrisk kabel. Ordførar André Mundal Haukås (H) brukte ei kraftig avbitartang då han klipte av kabelen oppe på taket av omsorgssenteret.

Berre nokre få personar fekk følgja ordføraren opp på taket, men heile seremonien blei videooverført til gjestene nede i første etasje ved hjelp av drone med kamera.

600 kvadratmeter

Solcelleanlegget består av 312 enkeltpanel som dekkar 600 kvadratmeter av taket på omsorgssenteret. Anlegget er venta å ha ein årsproduksjon på 80.000, kanskje til og med 100.000 kilowattimar (kWh) i året. Til samanlikning har omsorgssenteret eit årleg straumforbruk på 1,6 millionar kWh.

Dette kom fram gjennom ein presentasjon som prosjekt- og byggeleiar Andreas Ekrheim viste før ordføraren med følge klatra opp på taket.

Etterisolering

Solcellene er elles ikkje den einaste delen av energiøkonomiseringstiltaket som er gjennomført på Sveio omsorgssenter. Det er også gjennomført etterisolering av 3.000 kvadratmeter kaldloft. Her er det lagt 30 centimeter mineralull oppå den isolasjonen som var frå før. Dette tiltaket har som mål å spara 120.000 kWh.

– Fasiten har me først i 2025, men om me samanliknar desember 2023 med same månad året før, var innsparinga 20.000 kWh, fortalte Ekrheim.

Energiøkonomiseringstiltaka som er gjennomførte på omsorgssenteret, har til saman kosta om lag 4,5 millionar kroner. Kommunen har likevel kome svært billig frå investeringa. Husbanken har nemleg gitt eit tilskot på 3,6 millionar kroner. I tillegg har kommunen fått momskompensasjon på 0,9 millionar.

– Største enkeltleveranse

– Dette er den største enkeltleveransen me har hatt av solcelleanlegg, seier Arild Frøvik i Frøvik Elektro.

Firmaet hans har vore totalleverandør av solcelleanlegget til omsorgssenteret, medan Signatur Bygg har stått for monteringa. Før panela blei monterte, blei taket tekt om av Protan Entreprenør AS. Etterisolering av loftet blei utført av Isoteks Miljø AS. I samband med etterisoleringa blei det utført ein del tømrararbeid av Valvatne Bygg AS.

Alle desse selskapa var inviterte til den offisielle opninga. Sveio kommune var godt representert, med kommunalsjef helse og omsorg/fungerande rådmann Ingunn Toft i spissen. I tillegg til ordføraren deltok også leiaren i hovudutvalet for helse og omsorg, Arne Valen (Sp) som representant for politikarane.

Solkraftkommune

– Medan Tysvær og Fitjar har vindmøller, stadfestar me i dag Sveio sin status som solkraftkommune, sa ordførar André Mundal Haukås mellom anna i talen sin.

Han viste då både til solcelleanlegget  på omsorgssenteret og til det som alt er tatt i bruk ved Sveio skule. Dessutan nemnde  at den store, private solcelleparken på Nese snart skal opp til konsesjonsbehandling.

Ordføraren gledde seg både over at det på denne måten blir tatt i bruk meir miljøvenleg kraft og at anlegget til omsorgssenteret er levert av lokale firma med kompetnse på området.

Powered by Labrador CMS