nyhende
Lovar å ta godt i mot elevar dersom det blir samanslåing
Ingenting er avgjort enda, men rektor ved Førde skule lovar å ta godt imot elevar frå andre skular dersom det blir samanslåing.
Til neste skuleår vil det vera mellom 85 og 90 elevar på Førde skule, frå eigen krins. Dersom 94 elevar frå Auklandshamn og Valestrand også skal starta der, vil «dei nye» utgjera meir enn halve skulen, som kan enda opp med 184 elevar totalt.
God plass
Rektor ved skulen, Solveig Røynstrand er ikkje uroa for ei eventuell vekst på skulen.
– Dersom me får elevar frå begge skular til Førde, skal me ta godt imot dei. Skulen har god plass, og uteområdet er rikeleg stort til ei slik elevgruppe. Då ungdomsskulen var ein del av Førde skule, var her over 200 elevar som fekk plass, seier Røynstrand.
Fleire å vera med
At det faglege miljøet vil bli større ser ho som positivt for det pedagogiske miljøet, som igjen vil ha effekt for læringa. Elevane vil få eit større sosialt miljø, det vil som oftast vera positivt for dei fleste, då dei får fleire medelevar dei kan «spela» med, meiner rektoren.
– Det aller, aller viktigaste dersom samanslåinga blir ein realitet, blir å gjera elevane trygge på Førde skule. Ved ei slik samanslåing, vil nok tilsette både frå Valestrand og Auklandshamn følgja med, noko som i seg sjølv kan gjera overgangen tryggare for elevane, seier Røynstrand, som har ferie denne veka.